– Det er litt pinleg at vi må sitje her og behandle denne saka på nytt, sa Egil Ulfstein (H). Han sa at Høgre ikkje har endra meining og framleis er imot å innføre eigedomsskatt.

– Vi kan gjerne snakke om at vi har bygd skule og idrettsbygg og ein flott arena, men det er dermed ikkje sagt at vi skal innføre eigedomsskatt, sa Ulfstein.

Rett før hadde Magne Grimstad frå Arbeidarpartiet argumentert for eigedomsskatt.

– Vi meiner at det minst urettferdige er å innføre denne skatten, i staden for å kutte i tenestetilbodet til innbyggarane. Viss vi skal spare 10-15 millionar kroner er alternativet å kutte i stillingar i omsorg og skule, sa Grimstad.

Han viste til at det er gjort store investeringar i kommunen dei siste åra, noko som har gjort det interessant for næringsliv å etablere seg her og for folk å flytte hit.

– Look to Ulstein!, sa Grimstad.

Måtte ha nytt møte

I kommunestyret 14. desember vart eigedomsskatten vedteken med seksten mot ni røyster. Det var eit fellesframlegg frå Frp, Ap, KrF og Sp til budsjett og økonomiplan for 2018-2018 som vart vedteke den gongen.

Høgre, Venstre og Jon-Åge Eidem frå Frp røysta den gongen imot skatten.

Men etter nokre dagar varsla ordføraren at det vart ekstramøte i romjula. Spørsmålet om eigedomsskatt måtte behandlast på nytt, etter at det herska forvirring rundt vedtaket frå kommunestyret 14. desember. Det viste seg at både administrasjon og politikarar ikkje visste korleis eigedomsskatten skulle reknast ut.

– Vedtaket i kommunestyret er rett, men utgreiinga er misvisande, sa ordførar Knut Erik Engh, då Vikebladet Vestposten før jul gjorde han merksam på ein tabell i saksutgreiinga.

Tabellen viste eigedomsskatt på to promille av likningsverdien, noko som er feil. Rett utrekning er likningsverdi x 4 x 0,8 x2/1000.

Ville ha botnfrådrag

Senterpartiet tok til orde for at det skal vere eit botnfrådrag på ein halv million kroner i eigedomsskatten. Lisa-Mari Breivik Anderson viste til at skatten vert mykje høgare enn det ho hadde sett føre seg på førre kommunestyremøte.

– Eg trur folk vil betale skatten med forståing, men kanskje ikkje med glede, sa ho.

Heller ikkje forslaget om botnfrådrag fekk fleirtal i kommunestyret.

Ville ha innsparingar

Det var mange taletrengde på ekstramøtet i kommunestyresalen torsdag. Venstre foreslo å setje i gang ein prosess i kommunen for å finne måtar å spare pengar på og for å unngå eigedomsskatt i 2018.

– Vi i Venstre vil ta 500 tusen frå driftsfondet, for å snu alle steinar i kommunen, finne måtar å gjere ting betre, finne innsparingar, sa Pål Grødahl.

Fleire av dei andre partia etterlyste konkrete forslag frå Venstre til innsparing.

– Det er vel ingen som sprett sjampanjen når ein innfører eigedomsskatt. Vi som politikarar må i så fall legge føringar for kvar det skal kuttast. Vi kan plukke femti tusen her og hundre tusen der, men vi kjem ikkje opp i 13,2 millionar kroner, sa Hanne Notøy frå Ap.

Forslaget frå Venstre fekk støtte frå Høgre og Jon-Åge Eidem frå Frp, og dermed vart eigedomsskatten innført med seksten mot ni røyster.

– Det er med tungt hjarte vi går inn for denne skatten, men vi bør vere eit av dei første kommunestyra i landet som klarer å avskaffe eigedomsskatten, sa Trond Berg frå KrF.