Hareid har klatra heilt opp til ein tredjeplass i 4.-divisjon etter den flotte 4–0 sigeren over Emblem sist veke. Fasiten etter seks kampar er fire sigrar, ein uavgjort og eitt tap. Og einaste tapet så langt kom mot Langevåg som toppar tabellen.

Les også: Slo divisjonsfavoritt 4-0

Godøy har endå ikkje tapt, men står med to uavgjortresultat på dei tre siste kampane. Og begge er mot lag som Hareid har slått. Sist var det Valder som heldt Godøy til 1–1 på Valdervoll. Einaste tapet i offisielle kampar kom i Cupen. Der vann Hødd 6–1 i første runde.

Vann i 2014

I 2014 kom første og einaste sigeren for Hareid borte mot Godøy, då laget vann 3–1 i første serierunde. Det er dermed ikkje kvardagskost med Hareidsigrar på kunstgraset på Godøya.

Torsdagens heimelag har også nokre av dei største profilane i 4.-divisjon på Sunnmøre. I 2015 var begge toppscorarane i divisjonen frå Godøy, Trond Brynestad og Svein Arve Alnes. Og ikkje langt bak kom den tidlegare AaFK-spelaren Joakim Austnes.

Brynestad scora to og Austnes eitt då Godøy vann 3–1 mot Hareid i 2015. Alnes og Brynestad scora to kvar i 2–4 kampen på Hareid stadion.

I dei siste kampane er det ungguten Sigve Overå Hide som har figurert mellom stengene for Hareid. Det har enda med sju poeng og to baklengsmål på tre kampar. Men no er også Fredrik Lonbakken tilgjengeleg igjen for Hareid, og dermed blir det spanande å sjå kven som får tillit mot Godøy.

Ifølgje Hareid IL sine nettsider blir bortekampen mot Godøy truleg den siste der laget kan stille med full tropp. Frå juni av vil nemleg Hareid truleg miste ein del spelarar til ferieavvikling.

Men i juni er motstanden på papiret klart svakare enn den Hareid skal ut mot torsdag. Etter Godøy skal Hareid møte Norborg og Stranda heime, medan det blir bortekampar mot FK Sykkylven og Skodje. Med den positive sesongstarten til raudtrøyene bør det vere godt håp om å halde fram den lovande poengfangsten også i juni.

Men først er det altså ei av årets største utfordringar på bortebane som står for tur.