– Vi kan forvente tre svært tøffe kampar, der laga trenar på ein del av dei tinga dei ønskjer å gjere under OL. Vi må hugse at dette er treningskampar, men samstundes så ønskjer landslag alltid å vinne, også når ein øver. Det handlar om at ein spelar med flagget på brystet og at det er ein del prestisje i det.

Hergeirsson seier at laga også ønskjer å bygge sjølvtillit og tru på sine opplegg før det store høgdepunktet denne sommaren; OL i Rio de Janeiro.

– Vi er også opptekne av at vi får avdekke kva som er bra, slik at vi kan forsterke det, men sjølvsagt også å finne ut kva som ikkje er bra og kva vi må forbetre inn mot OL-start. Vi tenkjer heile vegen utvikling, slår trenaren fast.

Les også: På båttur med "Hindholmen"

Toler tre kampar på kort tid

For dei som har følgt treningane til dei norske Handballjentene, så er det lett å sjå at dei ikkje tek lett på oppgåva. Det er mange knalltøffe duellar og små smellar. Men vil ein vere meir forsiktige i kampane i Ulsteinhallen for å unngå skader før OL?

– Det er ikkje noko ein tenkjer på. Ein kan sjølvsagt disponere laget med tanke på å få fleire i spel, men no handlar mykje om å spisse samspelet til laget, definere rollene til spelarane og få spelarane trygge i sine roller. Desse spelarane er godt trente og dei toler godt å spele tre kampar på fire dagar, men det er alltid slik at ein prøvar å vere litt smarte med korleis ein rullerer og disponerer laget i slike turneringar. Det gjeld både med tanke på belastning, men vel så mykje på å få fleire spelarar budde til å vere med i eit meisterskap.

Trenar på nye situasjonar

Hergeirsson har fleire gongar tidlegare uttalt at det er få overraskingar på handballbana. Ofte blir dette etterfølgt av ein spøk om at berre ein traktor på handballbana vil vere overraskande, men trenaren vedgår likevel at det er noko meir uvisse knytt til årets OL, sidan det før meisterskapet er innført ei rekkje nye reglar.

– Når det er snakk om regelendringar så vil det alltid dukke opp, kanskje ikkje overraskingar, men nye ting. Ein treng ikkje vere overraska om det kjem noko nytt, for det ligg litt i regelendringane, men eg trur laga vil finne raskt ut av dette. Vi vil nok få sjå ein del forsøk på spel med sju utespelarar mot seks forsvararar, og alle laga har øvd på dette. Vi kjem heilt sikkert til å sjå litt av det no i helga. Deretter må ein gjere opp rekneskap og sjå om det faktisk gagnar laget, meiner Hergeirsson.

Handballjentene har trena på ulike situasjonar der det kan vere fordelaktig å ta ut keeper når ein er i angrep, men slår fast at bruken av dette vil avhenge av kva lag ein møter, kva filosofi laga har og kor stor risiko det vil medføre.

– For vår del er det ein taktisk variant som vi kanskje kan bruke om vi til dømes ligg bak med nokre mål, må ha scoringar og ikkje har fått det til i 6-mot-6. Men det spørst kor stor risikoen er. Det er alltid spel og motspel i handball, det er litt som sjakk, seier Hergeirsson.

Les også: Alle tiders 70-årsgåve

Torsdag kveld spelar Norge sin første kamp i Ulstein Cup, mot Romania, som også er motstandar i gruppespelet i OL. Torsdag møtest også Frankrike og Spania i Ulsteinhallen.