16 seriekampar har det blitt på Daniel Eid for Hødd sitt førstelag denne sesongen. Det hadde ikkje 19-åringen sett føre seg for to år sidan.

– For å vere heilt ærleg så hadde eg ikkje forventa det. Ikkje når ein veit korleis eg låg an. Eg visste likevel at eg skulle bli A-lagsspelar, det var det ikkje noko snakk om. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle på A-laget, uansett om eg var 18, 19 eller 22. At det skjedde så fort hadde eg likevel ikkje venta.

For Eid synest ikkje sjølv han var den som hadde mest å fare med.

– Det handlar om kvar eg var fysisk, teknisk og taktisk. Eg var liten av vekst og heller ikkje den mest talentfulle fotballspelaren. Det var mykje som mangla og mykje som måtte på plass før eg kunne kome dit eg er i dag.

Tallause treningstimar

For Daniel har vegen fram til A-laget vore steinlagt med trening. Mykje trening.

– Det er ingen tvil om at eg har gjort mitt stykke arbeid. Det har vore tallause timar trening kvar einaste veke, kvar einaste måndag. Det er all treninga som gjer at eg er på A-laget no.

Eid er i større grad eit produkt av trening enn av reint talent. Eit treningstalent med andre ord.

– Treningsiveren og treningslysta har alltid vore der. Lysta til å verte betre og til å lukkast, til å ein gong kome på A-laget, den har alltid vore stor. Eg visste også at eg måtte trene om eg skulle nå måla mine, for eg hadde nok ikkje same talentet som ein del av dei eg spelte saman med. Trening har vore alt.

I dag har Eid sin eigen plass i Hødd-garderoben. Draktnummer 20 heng på ein liten plakat over plassen. No har han kjempa seg til og gjort seg fortent til sin plass, men Eid vart tidleg introdusert til Hødd-livet og har på mange måtar vakse opp på Høddvoll.

– Første gongen eg var med i Hødd-garderoben så var eg vel kanskje to år. Då byrja pappa å ta meg med. Eg har stort sett vore her, på Høddvoll og på banene rundt, sidan eg var eit par år. Det har gått veldig mykje i fotball, og det er jo det eg synest er kjekt.

Studerer i Volda

Men Eid har også funne tid til litt anna, sjølv om fotballen tek mykje av tida hans.

– Eg har byrja å studere ved Høgskulen i Volda, og går årsstudium i idrett der.

Studiet let seg brukbart kombinere med fotballkarrieren, og Eid har også planar for kva han skal gjere seinare, men studieplanane ønskjer han helst å halde for seg sjølv enn så lenge.

For hovudfokuset er på fotballen.

– Absolutt. Eg fokuserer på skule også, men eg har veldig lyst å satse på fotballen framover. Det skadar likevel ikkje å ta litt skule attmed.

Saman med Eirik Franke Saunes og Sivert Pieroth vart Daniel Eid henta opp i A-stallen før 2017-sesongen. Der var allereie Bendik Rise, også han frå 98-kullet.

Les også: - Ein må ta vare på dei sjansane ein får

Rise har spelt det aller meste for Hødd denne sesongen, men også Eid og Franke Saunes har på mange måtar fått sine gjennombrot i Hødd. Eid slår likevel fast at det ikkje er nok.

– Det har vore gøy og eg likar meg veldig godt i Hødd, men eg har endå meir å bevise. Eg har kanskje fått eit lite gjennombrot, men eg har meir å gå på. Målet er at alle kampane eg spelar skal vere gode, ikkje berre på det jamne.

Har meir å jobbe med

For å nå måla sine blir det endå meir trening og endå meir målretta arbeid for å ta nye steg som fotballspelar.

– Eg må framleis jobbe med farta mi. Den har blitt betre, men det er noko eg må jobbe meir med. Val må eg også jobbe med. Når skal eg slå innlegg, når skal eg halde i ballen og slike taktiske val. I tillegg er det meir å gå på teknisk. Eg kan jobbe med å få ein endå betre innleggsfot.

På sikt er det ikkje sikkert at det er backrolla som blir Eid sin posisjon. Kanskje vil han med tida fungere meir som stoppar, noko han mellom anna har gjort for andrelaget, men 19-åringen trivst godt på høgrebacken.

– Eg likar veldig godt å vere med framover, kunne kome rundt på sida og bli spelt gjennom. Då får eg slått inn og det er ingenting som er som å slå eit godt innlegg og få ei målgjevande pasning. Eg trur faktisk det er betre enn å score, sjølv om eg ikkje veit så mykje om det endå, ler Eid.

– Ein skikkeleg nedtur

Borte mot Egersunds IK spelte hans sesongens 16. kamp. Det kunne ha vore mange fleire. For etter ein svært lovande start på sesongen gjekk det gale borte mot Fana.

– Det var ein skikkeleg nedtur. 14. mai gløymer eg ikkje. Der mista eg kanskje 10 kampar. Det var skuffande, for eg hadde eit håp om å spele alle kampane denne sesongen.

Eid fekk seg ein skikkeleg smell i ankelen, og spelte ikkje på tre månadar.

– Der og då var eg langt nede, men eg var veldig motivert for å kome raskt tilbake.

Ankelen er endå ikkje heilt bra, og truleg vil Eid måtte bruke vinteren på å få trent seg skikkeleg opp att.

– Den er så bra at eg kan spele, men eg kjenner det av og til. Eg må styrke ankelen i vinter, for den er ikkje heilt slik som den skal vere.

Som tidlegare nemnt vart Daniel Eid tatt med i Hødd-garderoben allereie som smågut. Då var far Sindre spelar i Hødd. No er han hovudtrenar for A-laget og dermed også trenar for Daniel.

Hødd blir verande på Høddvoll

– Det kjennest som ein heilt vanleg trenar. Eg får ingenting ekstra på grunn av det, men eg synest det er litt stilig at vi begge har lukkast. At han er hovudtrenar og at eg har blitt spelar.

Daniel Eid fortel at han og faren prøvar å legge igjen Hødd på Høddvoll.

– Vi snakkar ikkje om det heime. Det er veldig sjeldan vi diskuterer fotball heime. Vi kan sjå fotballkampar, men Hødd og fotball prøvar vi å legge vekk. Når vi er på Høddvoll så har vi eit heilt vanleg trenar-spelar-forhold, seier 19-åringen.

Sindre Eid fekk kampar for Hødd i Eliteserien i 1995. Dit håpar også Daniel å nå på sikt.

– Neste sesong vil eg ta nye steg, spele på eit stabilt høgare nivå enn eg har gjort i år. Eg ønskjer å vere med på å få Hødd tilbake i Obosligaen og hjelpe klubben til å verte stabile der. Deretter har eg eit mål om å ta steget vidare til ein klubb i Eliteserien, ein storklubb i Norge. Det er vel det langsiktige målet, seier Eid.

Mot Hønefoss: Daniel Eid har gjort høgrebacken (vingbacken) til sin eigen denne sesongen. Eid trivst med å bidra offensivt, men ser ikkje bort frå at han også kan vere aktuell som stoppar på sikt. Foto: Per Werkland. Foto: Per Werkland