Karl-Fredrik Velle frå Fiskå var elev ved Ulstein vidaregåande skule frå 2006 til 2008, og har i mange år både spelt fotball og dømt kampar. Men, dei siste åra har han prøvd seg som spelar, trenar og dommar innan litt mindre kjende sportar, og gjort bra suksess.

Så nyleg som i starten av november var Velle med på rugbylaget Porsgrunn Pirates, som tok seg heilt til NM-finalen mot Stavanger. Der blei det diverre tap, men ein stor prestasjon var det like fullt.

Frå bowling til handball

Han har også vore sterkt engasjert innanfor bowlingsporten i mange år, og dei siste fire åra har han vore tilsett i Norges Bowlingforbund. No går han frå stillinga som utviklingsansvarleg i bowlingforbundet til å bli ny dagleg leiar i skiensklubben Gjerpen, ein av Norge sine mest tradisjonsrike handballklubbar. Han tek til i stillinga i januar.

Mest kjent er nok laget til Gjerpen i eliteserien for kvinner. Gjerpen blei seriemeistrar i sesongane 1990/1991 og 1992/1993, og cupmeistrar i 1985, 1986, 1990, 1992 og 1993. Tidlegare storspelarar for klubben er til dømes Mia Hundvin, Heidi Løke og Anja Edin. Emilie Hegh Arntzen, som er med i Norge sin VM-tropp, har også ei fortid i Gjerpen.

- Det er ei stor ære for meg å få moglegheita til å leie ein klubb av dette kaliberet, og ein av dei beste klubbane i norsk handball si historie. Saman skal vi bygge ein klubb som skal prestere på høgt nivå, både økonomisk og sportsleg, seier Velle til Vikebladet Vestposten.

Tidenes yngste handballeiar

Han fortel at det ligg mykje hardt arbeid gjennom mange år bak dette.

- Med tanke på min bakgrunn innan fotballen har eg valt å tileigne meg kompetanse frå noko meir utradisjonelle idrettar for å skaffe meg meir erfaring. I tillegg kan eg vise til gode resultat frå det eg har gjort så langt. Dette har resultert i at ein klubb som Gjerpen har tatt sjansen på å satse på ein "ungfole" som meg, seier Velle.

Men sjølv om han er erfaren innan fleire ulike sportar, blir 1989-modellen faktisk den yngste daglege leiaren i ein eliteserieklubb i handball nokosinne.

- Til den som måtte lure på kva som skal til for å nå det målet ein set seg, så er det rett og slett å ikkje vere redd for å prøve noko som er utanfor si eiga komfortsone. Men, med det sagt, mitt mål er ikkje nådd enno, seier Karl-Fredrik Velle.