Det skal vikebladet.no sine lesarar som skal bestemme. 36 spelarar frå seniorklubbane på Søre Sunnmøre kjempar om 18 plassar i troppen som møter eit toppa Hødd a-lag søndag 12. oktober, ein kamp som blir arrangert i høve årets TV-aksjon.

Per onsdag morgon har heile 957 lesarar røysta. Og fristen går ikkje ut før måndag 6. oktober klokka 09.00.

Dette er dei 11 spelarane som ligg best an per onsdag morgon:

Keeper:

* Petter Aasen, Volda

Forsvar:

* Rasmus Aarflot, Volda

* Eiliv-Tore Howlid, Hareid

* Rami Abdalla, Tjørvåg

* Jogeir Haanes, Moltustranda/Gjerdsvika (har to fleire røyster enn Eskild Dagfinrud, Ørsta)

Midtbane:

* Johnny Moltubakk, Larsnes/Gursken

* Aleksander Rekdal, Larsnes/Gursken

* Tom Malins, Volda (har sju fleire røyster enn Vetle Dagfinrud, Ørsta)

Angrep:

* Anders Vaagen, Larsnes/Gursken

* Ola Kalvø Vattøy, Hareid

* Frank Sverre Skorpen, Bergsøy

Men hugs at det også skal med sju reservar i troppen. Og det er nesten ingen spelarar som er "hekta av" med tanke på å kome med.

Her finn du skjemaet og alle kandidatane.

Her og her kan du lese meir om kampen.