Franjo Tepuric har signert ei eittårskontrakt med 3.-divisjonsklubben Bergsøy.

Kroaten spelte i Hødd frå 2013 til 2014, men fekk ikkje ny kontrakt etter 2014-sesongen. Totalt fekk han 25 kampar for a-laget til Hødd.

- Franjo  spelte mot oss for Hødd 2 sist sesong og gjorde det godt og eg har også sett han spele i mange andre kampar.  Det gjer at eg veit at han kan bli ein veldig viktig spelar for oss, seier trenar Hugo Vicente til Bergsøy sine nettsider.

Tepuric har tidlegare sagt at både han og familien fann seg svært godt til rette og har hatt det veldig fint i Ulsteinvik.

Les også: - Trist å bryte opp frå Hødd.

I helga var også Ana Tepuric tilbake på handballbana for Hødd.