Hødd stilte med dette laget mot Jerv:

Hødd (4-3-3): Aslak Falch - Christoffer Aasbakk, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Jonas Ingebrigtsen - Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen - Eirik Ulland Andersen, Michael Karlsen,Torbjørn Kallevåg

Innbytte: Sandal, Myklebust, Magnussen, Brandal, Kleppe, Beite.

Jamn start - Jerv har sjansane

Hødd har aldri tidlegare møtt Jerv i seriesamanheng, så det knytte seg stor spenning til kva slags lag Hødd har fått besøk av på Høddvoll torsdag.

I opningsminutta og til halvspelt omgang har laga vore nok så jamne, men det er Jerv som har hatt dei store sjansane.

Først etter 12 minutt, der ein Jerv-spelar får avslutta frå kort hald. Berre ein god beinparade frå Hødd-keeper Aslak Falch hindra scoring til Jerv.

Hødd fekk eit frispark frå rundt 20 meter etter 19 minutt, men Eirik Ulland Andersen sendte i veg eit alt for svakt skot. Ballen duppa ned bak muren og rett i armane på Jerv-keeperen.

Etter 20 minutt kunne Ohi Omoijuanfo gitt Jerv leiinga frå ein meget god skotposisjon, men skaut utanfor.

Spelet bølgar mykje att og fram i perioden fram mot 40 minutt. Framleis ingen mål på Høddvoll.

43 minutt, Kallevåg får tak i ballen like utanfor sida av Jerv sin sekstenmeter, går innover, og får avslutta. Ballen går ut til ein corner. Hjørnesparket fører ikkje til noko.

Andre omgang

Omgangen er berre minuttet gammal når Hødd får sin første skremmar. Ohi Omoijuanfo får pannebrasken på ballen etter eit godt innlegg, men heldigvis for Hødd går ballen like over målet til Aslak Falch.

Etter 51 minutt får Jerv sin andre sjanse, då Steinar Berås får avslutte frå like utanfor seksten. Ballen går derimot utanfor stolpen.

Hødd nærmar seg målet til Jerv, men med unntak av nokre småfarlege hjørnespark er det lite Hødd har skapt framover i byrjinga av andre omgang.

68 minutt: Jonas Ingebrigtsen får lagt inn frå høgre kant, og inne i feltet står ein heilt umarkert Torbjørn Kallevåg. Bømlingen får ikkje skikkeleg treff på ballen, og får ikkje avslutta på mål. Likevel, gode takter av Hødd no.

Etter 73 minutt får Ohi Omoijuanfo nok ein gong avslutte med hovudet, og nok ein gong utanfor mål.

Minuttet etter sender Torbjørn Kallevåg ballen mot mål frå distanse, men ballen går via ein spelar og utanfor mål.

Hødd pressar vidare, og kjem stadig nærmare Jerv-målet.

I underkant av ti minutt igjen av kampen, og Hødd har framleis ikkje lukkast i å få målet dei jaktar på.

Etter 84 minutt fekk Magnus Myklebust lagt fint inn i feltet, der Joakim Wrele venta. Wrele stanga ballen rett på keeper Øyvind Knutsen.

Tre minutt tillagt tid, og framleis ingen mål i oppgjeret.

Kampen endar med 0-0 og poengdeling.

Før kampen: Ønska å komme sterkt tilbake

Etter nedsablinga av Brann og den kontrollerte sigeren mot Herd i cupen, gjekk Hødd på ein skikkeleg smell borte mot Bærum.

Torsdag har laget sjansen til å rette opp inntrykket frå Bærum-kampen, men Hødd-trenar Sindre Eid har ikkje tru på nokon enkel kamp mot det nyopprykka Grimstad-laget Jerv.

- Det er eit veldig godt lag

Jerv rykte opp til 1.-divisjon etter å ha vunne si 2.-divisjonsavdeling seks poeng framom Vindbjart og med ein målskilnad på 71-29. Til no har laget prestert brukbart i Obos-ligaen, men Jerv ventar framleis på sin første siger.

Jerv sine første fire kampar:

  • Sandnes Ulf (b) 2-2

  • Sogndal (h) 0-0

  • Follo (b) 2-1

  • Brann (h) 2-2

Mot Brann leia Jerv 2-0 etter første omgang, og sjølv om dei raudkledde frå Bergen kom tilbake i kampen, så er det ingen tvil om at Jerv kan skape utfordringar for dei fleste lag i årets 1.-divisjon.

På nye Høddvoll bør likevel Hødd vere favorittar og angripar Michael Karlsen satsar på at Hødd slår raskt tilbake.

- Vi kan slå kven som helst

Kampstart på nye Høddvoll er 18:00 og vi følgjer kvart spark på ballen: