Ifølgje TV 2 Sporten vart tidlegare Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland seld til tyske Ingolstadt 04 for 22 millionar kroner.

Då Vikebladet Vestposten fredags morgon tok kontakt med Dagleg leiar og Sportssjef i Hødd, André Nevstad, var han ikkje kjend med overgangssummen til Noregs landslagskeeper.

Men Nevstad stadfestar derimot at overgangen gir Hødd ein liten økonomisk gevinst.

- Vi får såkalla solidaritetsmidlar, som er på om lag fem prosent av overgangssummen, opplyser Nevstad til Vikebladet Vestposten.

Sekssifra

"Solidaritetsmidlar skal vere eit økonomisk bidrag til dei klubbane som har bidrege til ein spelars trening og utdanning frå og med den sesongen spelaren fylte 12 år," heiter det i Noregs Fotballforbunds reglement for overgangar.

Dersom tala frå TV 2 stemmer, vil det bety at 1,1 millionar kroner vil gå til tidlegare klubbar. Av denne summen vil Hødd få 60 prosent, som gjev klubben i retning av 660.000 kroner. Resten går til Volda TI Fotball.

- Er det noko spesielt de skal bruke desse midlane til, André?

- Det har ikkje vi teke stilling til, slår han fast, og legg til at i ein fotballklubb er det alltid mulegheiter til å investere i ulike delar - og at klubben no må prioritere kva pengane skal brukast på.

- Tida var inne

Nevstad legg ikkje skjul på at han har følgt med på utviklinga til 24-åringen, som vart lokalavisas bestemann i 2012, i tillegg til å bli kåra til både årets og årets unge spelar i 2010 av klubben og Blåsarane.

Det var derfor hyggjeleg både for Hødd og keeperen sjølv at Nyland no får prøve lukka i utlandet.

- Det har vore kjekt å følgje med på utviklinga Ørjan. Tida hans var inne etter 2012-sesongen til å ta eit nytt steg, og det er kjekt at han no tek enda eit steg. No har han ein god sjanse i Tyskland, seier Nevstad.