Stjørdals-Blink fekk det til slutt veldig tøft mot eit hardtarbeidande Hødd-lag, og trenar Sindre Eid var veldig godt nøgd med det han fekk sjå.

- Det var ei solid gjennomføring gjennom 90 minutt. Om det er noko eg kan plukke på så er det at vi ikkje avgjer kampen før. Men samla sett var dette svært bra av karane, seier Eid.

Det er sjølvsagt heilt normalt med litt nervøsitet i opningsminutta i fyrste seriekamp, men den rista Hødd-spelarane raskt av seg, meiner Eid. Etter 15 minutt banka Daniel Eid ballen inn i feltet, og Steffen Moltu stussa den vidare i mål.

- Eg vil seie at vi hadde rimeleg god kontroll etter målet. Det er også slik det må vere. Det handlar om å plukke poeng allereie frå starten på sesongen. Eg føler karane var 110 prosent skjerpa i dag, vi slepp Stjørdal-Blink til lite bakover, og vi scorar tre mål. Vi kunne også ha scora meir. Dette meiner eg er eit godt bevis på at vi har jobba godt på trening i vinter, og at vi er klar for meir, seier Sindre Eid.

- "Goalgetter"-scoring

Eirik Haugan ordna 0-2 etter kvilen, og seinare i andre omgang viste nykomlingen Markus Naglestad kvifor han er henta til Hødd. For på nærmast Dennis Bergkamp-vis sette han inn 0-3, til stor jubel blant dei tilreisande frå Blåsarane.

- Eg kan ikkje anna seie enn at det var ei veldig flott scoring. Ei skikkeleg "goalgetter"-scoring der han vender bort forsvararen og iskaldt set ballen i mål, like ved stolpen. Slikt må berre nytast, seier Hødd-trenaren.

Eid var også godt nøgd med forsvarsjobben som blei gjort.

- Vi var strålande defensivt i denne kampen. No har vi scora 13 mål på 3 kampar, men vi har hatt like stort fokus på å få det til å sitje betre defensivt. Null baklengs i dag er godt. Det hjelper lite å score mange mål, når ein slepp inn mange også. Dette sikra oss ein god start på serien, og vi skal jobbe knallhardt vidare, seier Sindre Eid.

Kampfakta

PostNord-ligaen 2. divisjon

Stjørdals-Blink – Hødd 0 - 3 (0 - 1)

Nye Blinkbanen

Tilskodarar: 408

Dommar: Thomas Solum Lystad, Kolstad Fotball

Gule kort: Børge Sonflå (Stjørdals-Blink)

Mål: 0-1 Steffen Moltu (15), 0-2 Eirik Haugan (51), 0-3 Markus Naglestad (82)

Hødd (3-5-2): Ole Monrad Alme - Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu, - Daniel Eid, Joakim Wrele, Marius Hagen, Andreas Breimyr (F. Saunes, 69), Preben Sætre - Bendik Rise (Rahhaoui, 80), Joachim Osvold (Naglestad, 69)

Innbyte: Jonas Mathiesen, Markus Naglestad, Badr Rahhaoui, Johannes Sundgot, Eirik F. Saunes.