Shroot kom på bana etter 65 minutt og fekk ein kjempesjanse allereie etter fire minutt på bana. Dessverre gjekk skotet i stonga. Engelskmannen misbrukte også to andre ganske bra sjansar. Men scoringa skulle kome.

Kamprusten

Etter 82 minutt vart Shroot spelt gjennom av ein annan debutant - Ole Amund Sveen, og gjorde ingen feil åleine med Træff-keeperen.

- Dette var min første kamp på seks månader, og min første kamp i eit anna land, så klart eg er godt nøgd med debuten, smilte Shroot etter kampslutt på Haddal IL stadion.

- Spelar med humør

Angriparen har spelt éin kamp i engelsk Championship for Birmingham, samt mange på i League One (nivå tre) med Stevenage. Men manageren likte ikkje spelestilen til Robin Shroot. Derfor prøver han seg i norsk fotball.

- Eg er ikkje spesielt sterk, og har heller ikkje mykje tempo. Derfor passar eg ikkje godt inn i engelsk fotball. Fotballhovudet er min beste eigenskap, i tillegg til at eg spelar med godt humør og er ein god målscorar. Derfor trur eg på meir suksess i Norge enn i England, fortel Shroot.

Eit scoop?

Sjølv om han fekk ein kjempestart på karrieren i Hødd er det sjølvsagt vanskeleg å vurdere ein spelar ut frå 25 minutt mot eit 2.-divisjonslag. Men lagkameratane er allereie positive.

- Shroot ser veldig bra ut. Eg merkar allereie at eg, han og Ole Amund (Sveen) forstår kvarandre godt og kombinerer bra. Shroot ser ut som ein bra avsluttar og blir ei god forsterkning for oss, meiner Eirik Ulland Andersen.

- Har de gjort eit scoop i å hente Robin Shroot, trenar Sindre Eid?

- Eg håper jo det. Robin har spelt mange kampar i engelsk League One, og det er slett ikkje noko dårleg nivå. Han er ein tilpassingsdyktig spelar som passar oss godt. No føler eg vi har fått ein god tropp.

- Men kan det vere det kjem inn endå ein spelar før seriestart?

- Ja, det kan skje ting heilt inn mot "deadline day". I nokre posisjonar er vi litt meir sårbare enn andre, seier Eid.