Påskevêret på Sunnmøre har vore heilt fantastisk, med kalde og klare netter, men med sol som varma godt på dagtid.

Men andre påskedag vakna ein til eit snødekt vinterlandskap på søre Sunnmøre og ifølgje Yr.no kan det framleis vere kvitt på Hareidlandet nokre dagar framover.

Måndag er det nemleg venta noko nedbør som snø utover dagen, før det blir kaldare natt til tysdag. Tysdag blir det truleg mest opphaldsvêr, men det kan vere utrygt for snø utpå kvelden.

Onsdag er det også venta snø eller sludd, men dette kan etter kvart kome som regn sør på Sunnmøre.

Også torsdag og fredag blir det truleg nedbør, men noko høgare temperaturar fører truleg til at dette i hovudsak vil falle som regn i lågareliggande strøk.

Ifølgje langtidsvarselet frå Yr.no vil temperaturane stige jamt og trutt utover i perioden, men meteorologane reknar med at det framleis vil vere temmeleg kjølig nattetid.