Prosessen med kommunereforma rullar vidare. Sjølv om Ulstein formannskap har hatt møte med både Herøy formannskap og Vanylven formannskap, stoppar dei ikkje opp der.

Ulsteinordførar Jan Berset har sendt brev til Sande kommune ved ordførar Dag Vaagen og Hareid kommune ved ordførar Anders Riise om ikkje dei også vil møte Ulstein kommune for ein nabaprat om kommunereforma, gjerne eit felles møte for dei tre kommunane. Møtet kan godt bli gjennomført i Ulstein, men ulsteiningane er opne for at møtet også kan gjennomførast hjå deira gode naboar, om dei får ein slik invitasjon.

Sandeordføraren svarer at dei gjerne tek eit slikt møte med Ulstein og Hareid, kvar for seg eller i lag. For dei høver det å ha eit slikt møte 1. september. Dei kjem gjerne til Ulsteinvik, eller dei kan ha møte på Larsnes.

Før sommarferien hadde Sande formannskap naboprat med Herøy formannskap. Då sa herøyordførar Anrulf Goksøyr at om det blir kommunesamanslåing blir det Herøy og Sande som går i lag, medan sandeordføraren uttalte at som minste kommune kjenner Sande seg litt utsette i ei kommunesamanslåing.