- Dette var bortimot ein perfekt bortekampav oss. Vi har på ein måte lært det siste året. Vi har tidlegare spelt med høgrisiko og ikkje vore så kloke på bortebane. No opptrer vi på ein annan måte,seier Lars Arne Nilsen i samtale med Vikebladet Vestposten på ferja mellom Vestnesog Molde.

- De såg ut til å vere godt førebudde påKristiansund sine kvalitetar?

- Vi var litt førebudde ja. Det var viktigå halde dei feilvende og stenge korridorane. Vi tar ut det dei er gode på,seier Nilsen.

Skrytte av innsatsen

Som vart svært nøgd med arbeidsinnsatsentil spelarane.

- Heile laget jobba hardt, også deioffensive spelarane. Vi lukkast også i å vere meir offensive enn vi var i Bodø,då vi prøvde å vere kyniske og nesten lukkast i å ta poeng på den måten, seierHødd-trenaren.

Hødd har no seks bortepoeng på fire kampar,like mange som laget tok på 15 bortekampar i fjor.

Mjøndalen neste

Alt søndag er det kamp igjen, denne gongenpå heimebane når Mjøndalen kjem på besøk.

- Ei ulempe at de får to kviledagar færreenn Mjøndalen, Lars Arne?

- Når vi er i flyten og ting fungerer erikkje det så farleg. Einaste kampen vi har mangla energi var mot Ranheim. Vivar litt småslitne då. Det hadde kanskje å gjere med at vi kom nesten rett fråBodø, meiner trenaren.

Les også:

* - Vi spelte tysk maskinfotball

* Referat

* Bilete