– Ikkje misforstå oss, vi har ingenting i mot kyrkja og planane om ei arbeidskyrkje. Det er sjølve plasseringa av ho vi er i mot. Store Vikholmen er ei naturperle og ein naturleg tilhaldsstad for dei som kjem sjøvegen for å gjeste byen vår. Vi er redde for kva som blir gjort med den siste vesle biten av Ulsteinvik sentrum der det framleis er fri tilgang til sjøen, seier Kurt Skeide, leiar i Ulstein Småbåtlag.

Det Skeide reagerer på er ein rapport frå Lund+Slaatto Arkitekter der dei vurderer dei to attverande aktuelle tomtene, Store Vikholmen og ved eksisterande kyrkje. Fleire med Skeide og Ulstein Småbåtlag har reagert på at akkurat Store Vikholmen blir nemnt som eit aktuelt alternativ.

Les også: Slik er det tenkt på Store Vikholmen

– Kvifor treng vi ei arbeidskyrkje akkurat der? Det når ein allereie har kyrkjekontor og Fredheim i nærleiken av kyrkja. Kvifor bruke mykje pengar på ei ny arbeidskyrkje der når ein heller kan ruste opp det ein allereie har?, seier Tom Høymer i Ulstein Seilforening.

Ei foreining med snart 200 medlemmer, og som også har eit stort ynskje om å vere med på ei felles satsing på Store Vikholmen.

Har ynskt området lenge

Onsdag møtte Vikebladet Vestposten småbåtlag-leiaren, styremedlemmene Bjørn Dybhavn og Jarle Frøystadvåg, og Høymer i Ulstein Seilforening.

– Eg har vore med i småbåtlaget i ganske mange år, og dette å få ein plass vi kan opphalde oss i forbindelse med småbåthamna er noko vi har ynskt oss lenge. Aktivitetshuset, som må rivast dersom det blir arbeidskyrkje der, har til no vore eit naturleg haldepunkt for båtfolket. For Ulstein Småbåtlag, Ulstein Seilforening, Røde Kors og andre aktørar som til dels Redningsselskapet, hadde det vore heilt topp om ein fekk nytte dette huset, seier Bjørn Dybhavn.

Det er også Jarle Frøystadvåg heilt einig i.

– Ein skal vere klar over at det er godt over 200 familiar knytte til småbåthamna, og som heilt sikkert hadde ynskja seg ein fin samlingsplass for ulike aktivitetar. Dette er eit område som er veldig ettertrakta, og som bør kunne nyttast av oss som allereie er der, seier Frøystadvåg.

Kva synest du? Sei di meining på vår Facebook-side.

– Ynskjer å komme i dialog

Kurt Skeide fortel at småbåtlaget i lengre tid har prøvd å komme i posisjon til å uttale seg i saka.

– Vi ynskjer å komme i dialog med dei som jobbar med dette om kva området skal nyttast til. Men, vi føler at vi til no ikkje har blitt høyrt på. Her er faktisk også andre enn kyrkja som ynskjer å få vite meir om denne prosessen, seier Skeide.

Han fortel at småbåtlaget, seglarforeininga, Røde Kors og Redningsselskapet ikkje har konkrete planar for kva aktivitetshuset skal nyttast til, men at det med svært liten innsats kan bli gjort om til noko som er til det beste for alle nemnde aktørane, og ikkje minst dei som vitjar Ulsteinvik via sjøvegen.

– No har småbåtlaget fått godkjenning for utviding av gjestebrygga med 40 meter, og i tilfelle arbeidskyrkja kjem på plass vil den ligge like ved det nye bygget. Med full aktivitet på gjestebrygga i helgane, og aktivitet i arbeidskyrkja, vil det naturlegvis bli eit problem. Det vil oppstå brukskollisjonar, seier Kurt Skeide avslutningsvis.

Les også: Ikkje bestemt seg