Torsdag kveld spelar Hødd førsterundekamp i NM på bortebane mot Herd. Her gir vi deg dei viktigaste oppdateringane frå kampen.

Tidlegare denne sesongen har Hødd møtt Herd i ein treningskamp. Då vart det 2-2 i ein kamp der Hødd dominerte banespelet.

Les også: Klar for å møte Herd

Les også: - Håpar på hundre kampar til

1. omgang:

Hødd set press på Herd frå start.

5 min: Mads Pedersen med skot frå 18-19 meter etter corner. Ballen går utanfor.

9 min: Hødd har ikkje skapt noko særleg i starten av kampen.

11 min: Herd kjem seg nesten til ei avslutning, men Hødd-forsvarer blokkerer og ballen går inn til Falch.

18 min: Sjansefattig på Amfi Moa Stadion dei første snart 20 minutta. Hødd har grei kontroll, men skaper veldig lite i starten.

20 min: Ingen av laga har enno komt til direkte målsjansar. Sondre Beite viste nyleg fram fin teknikk og kjappe finter, men Hødd mista ballen då Beite prøvde å finne Aursnes på kanten.

22 min: Kallevåg stormar fram på venstre og kjem til avslutning frå hjørnet av 16-meteren, men han klarar ikkje å halde skuddet nede og det går eit stykke over mål.

25 min: Sondre Beite fyrer av med venstre frå 18 meter. Ballen snik seg på utsida av stolpen. Næraste nokon av laga har vore til no.

27 min: Kleppe får ballen innanfor seksten, smell av, men Herd-keeperen får kontroll på ballen. Kampens første skikkelege målsjanse. Like etter, etter 29 minutt, er same mann på pletten, nok ein gong innanfor seksten, og nok ein gong går avslutninga rett på keeper.

34 min: Aursnes med eit forsøk frå 25 meter, knallhardt skot, men rett i klypene på keeper.

36 min: Erik Sandal har fått seg ein smell, må ta telling ei lita stund, men er tilbake på beina.

40 min: Nærmar seg pause. Hødd har meir og meir ball.

43 min: Corner til Hødd etter fint angrepsspel.

45 min: 0-1 Torbjørn Kallevåg scorar for Hødd etter eit langt innkast frå Jonas Ingebrigtsen.

45 min: Ny stor sjanse til Hødd like før pause. Aursnes sender i veg eit skot frå 20 meter som smell i tverrliggjaren bak Herd sin keeper.

Pause.

2. omgang

Kampen er i gang igjen.

46 min: Herd står høgt i starten av den andre omgangen.

Hødd har sendt Sveen, Karlsen og Ulland Andersen i oppvarming.

49 min: Hødd med kjapp frispakvariant som sender Beite ned mot linja. Prøvar å slå 45 grader ut, men får ikkje nok kraft i pasninga som til slutt hamnar hjå Herd sin keeper.

51 min: 0-2. Flott spel frå Hødd, før Beite får ein stikkar i bakrom. Åleine med keeper gjer ungguten ingen feil og plasserer ballen mellom beina på Herd sin keeper.

57 min: Ruben-Kenneth Brandal får sjansen til å skyte frå 18 meter, men han får ikkje nok kontroll over avslutninga som sklir av foten. Kunne kanskje tatt seg betre tid der.

62 min: 0-3 Jesper Törnqvist aukar for Hødd i sin kamp nummer 101 for klubben. Aursnes skaffar frispark nesten nede ved cornerflagget, slår sjølv inn og der er kapteinen som stangar inn Hødd sitt tredje.

No skal det mykje til for at ikkje Hødd går vidare til andre runde i cupen.

70 min: Fleire store sjansar på rappen for Hødd. Kallevåg er nære, det er Benjamin Mork Kleppe også, men til slutt får Herd roa ned situasjonen.

72 min: Christoffer Rekdal får gult kort etter å kome alt for seint inn i ein duell med Erik Sandal.

74 min: Fint Hødd spel og fine kombinasjonar mellom Kallevåg og Sandal. Sistnemnte får ein fin sjanse til å skyte, men avslutninga er dårlig til Sandal å vere.

75 min: Hødd gjer eit byte. Joakim Wrele har gjort sitt og blir erstatta av Eirik Ulland Andersen.

76 min: Sandal sender Beite gjennom igjen, meir pressa denne gongen, men Beite kjem seg til avslutning. No er keeper med og får slått unna ballen. Nesten Hødd sitt fjerde mål der.

79 min: Erik Sandal blir byta ut, Martin Mork Breivik kjem inn for Hødd. Verdifull kamptrening for Sandal i dag.

79 min: Gunnarstein pratar på seg eit gult kort.

84 min: Seks minutt igjen av ordinær tid. Lite som skjer i kampen akkurat no. Herd ser ut til å ha gått litt tome for krefter.

85 min: 0-4. Nydelig scoring av Benjamin Mork Kleppe. Trekk seg inn i banen og frå 16 meter prikkar han ballen heilt oppe i vinkelen.

Kampen er over. Det blir ein grei dag på jobb for Hødd, som kontrollert tek seg forbi Herd i 1. runde i NM. Nokre fine scoringar frå Hødd. Fleire spelarar får viktig kamptrening og det såg ikkje ut til at Hødd måtte bruke for mykje krefter for å ta seg vidare.

Hødd stiller med dette laget: Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal - Joakim Wrele, Erik Sandal, Fredrik Aursnes - Torbjørn Kallevåg, Sondre Beite, Benjamin Mork Kleppe.

Innbytarar: Ole-Monrad Alme, Christoffer Aasbak, Ole Amund Sveen, Magnus Myklebust, Michael Karlsen, Eirik Ulland Andersen, Martin Mork Breivik.

Herd: Deniss Korneiciks, Oskar H. Gunnarstein, Havtor Hofset Skeide, Andreas Stensøe, Scott Fellows, Preben Alexander Sætre, Vegard Bruland, Christoffer B. Rekdal, Mads Øvrevoll Pedersen, Patrik Dønheim Hjelmset, Kenneth Diallo.

Benk: Hagen, Solli-Sæther Halvorsen, Slinning Aarø, Holand, Sæther, Skovly.