Spesielt etter Hødd si scoring i det 50. minutt var Hødd baktunge og lite spelande. Heimelaget spelte heller ikkje opp mot sitt beste i 1. omgang, men varta då opp med ein del gode angrep. Pål André Helland og Joachim Magnussen brente kvar sin sjanse, der spesielt Magnussen burde ha scora åleine med MIF-keeper Anders Rotevatn. Men heller ikkje bortelaget spelte nokon god kamp. I likskap med Hødd skapte dei tre sjansar – i deira tilfelle alle på headingar etter dødballsituasjonar.

- Ingen god kamp

- Vi spelte ikkje i nærleiken av slik vi ønskjer. Dette var ingen god kamp av oss. Vi fekk aldri flyt offensivt. Ikkje var vi kloke heller, og vi gjorde fleire tekniske feil. Det positive er at vi spelte vår femte seriekamp utan å sleppe inn mål. Bakover var vi gjerrige og kloke. Vi har blitt eit vanskeleg lag å score på, oppsummerte Lars Arne Nilsen etter kampslutt.

- Trygge bakover

Hødd har spelt ni seriekampar. Av dei har seks enda med siger. Sett vekk frå 2-1 heime mot HamKam (der bortelaget scora på eit feilaktig straffespark) har Hødd vunne dei fem andre kampane utan å sleppe inn mål (4 x 1-0 og 1 x 2-0). Tala vitnar om eit lag som spelar meir kynisk både heime og borte i høve 2012-sesongen.

- Eg føler dagens kamp var lik fleire av dei andre vi har spelt i år. Vi begynte bra, men sleit etter kvart med å få spelet til å gli. Det hadde også litt med bana å gjere. Etter målet vårt datt vi lengre ned i bana, og vi forsvarte oss bra. Vi har blitt trygge bakover. Mjøndalen skapte ikkje mange sjansar, konkluderer midtbanestrateg Sivert Heltne Nilsen.

Moltu-mål

På pressetribunen herska det ein del tvil om kor vidt det var Nilsen eller Steffen Moltu som scora Hødd sitt eine mål (På TV-klippa til CSports såg det mest ut som Nilsen var målscorar). Frisparket frå Erik Sandal vart flikka vidare av Steffen Moltu. Nilsen var også borti ballen, men skjedde det etter at ballen var over linja?

- Eg prøvde å nå ballen, men truleg var han over streken då eg toucha han, meinte Nilsen.

- Eg kan ikkje svare for kva Sivert gjorde, men eg meiner målet er mitt, repliserte Moltu.

- Tette og kompakte

Som spelte nok ein solid kamp i Hødd-forsvaret.

- Vi spelte ikkje godt i 2. omgang, men eg kan vel nesten seie det same om 1. omgangen også, sjølv om vi hadde to store sjansar. Vi skulle gjerne ha punktert kampen etter 1-0, men hovudfokuset vart å ikkje sleppe inn mål. Det lukkast vi med. Vi var tette og kompakte bakover. Alt Mjøndalen skapte kom i luftrommet, oppsummerar Steffen Moltu.

Les også:* Kampreferat* Magnussen om det raude kortet* Tabellen* Hødd-børsen kjem i tysdagens papirutgåve. * Følg også med på vikebladet.no måndag og i tysdagsutgåva for å lese deg opp på onsdagens cupkamp mellom Hødd og Molde. Vi har mellom anna intervjua Molde-manager Ole Gunnar Solskjær og tidlegare Molde-spiss Rune Ertsås.