Då Pål André Helland vart seld til eliteserielaget Rosenborg i sommar, vart Vard Haugesunds Eirik Ulland Andersen henta inn som ein erstattar.

Saman med høgreback Jonas Ingebrigtsen har Ulland danna ei heilt ny høgreside for Hødd denne hausten.

Ettersom kontrakten til rogalendingen i første omgang berre var på eit halvt år, er det på høg tid å avklare framtida med klubben. Men blir han?

- Det får vi sjå. Eg opnar i alle fall for det. Eg trivst her og har hatt det kjekt her. Så det er absolutt ei moglegheit å bli, svarar han.

- Det er alltid slik i fotball at ein er open for spanande tilbod, men eg endar nok opp her.

Skulle spelt sjølv

Ettersom 21-åringen fekk raudt kort etter munnbruk mot Mjøndalen sist helg, måtte han sjå kampen frå tribunen denne gongen.

Det var meir nervepirrande enn å spele sjølv.

- Det er veldig surt at eg ikkje kunne ha spelt sjølv. Eg er mykje meir nervøs når eg sit på tribunene og ser på. Eg skulle gjerne ha vore med og bidrege, men slik er det, seier han.

- Dårleg 1. omgang

Frå sin tribuneplass såg han Mjøndalen gå opp i leiinga dryge fem minutt før pause ved Vamouti Diomande. Tre minutt etter kvilen dobla Christian Gauseth leiinga med eit langskot.

Slik opplevde Ulland kampen:

- Vi spelte ein litt dårleg 1. omgang og slapp inn litt enkle mål. Så kom det seg litt i andre omgang  der vi fekk sett eit lite trykk samtidig som vi skapte eit par gedigne sjansar. Vi hadde litt utur, så det er surt, utdjupar han.

Kan attskape neste år

- No gjekk ikkje det vegen denne gongen og så får vi berre ta med oss det og jobbe enda hardare neste år, seier han om kva det ville ha betydd å få vere med vidare i kvalifiseringa.

Om Hødd kan klare å attskape prestasjonane frå årets sesong, trur Ulland ikkje er umogleg.

- Viss me kan klare det i år, så skal vi kunne klare det neste år også. Vi får berre vokse på dette.

- For meg er det i alle fall ei målsetjing å hamne rundt den same plassen, og det trur eg dei andre også vil, legg han til

- Så det er mogleg å hamne blant topp også neste år?

- Ja, med den troppa vi har så er det absolutt mogleg.

Les også:

* - Aldri i nærleiken

* Blir i Adeccoligaen

* Kan oppleve to opprykk på eitt år