Det fortalde Lars-Petter Rønnestad i IL Hødd då vi stakk innom Høddvollhuset måndag føremiddag. Det kan også hende elevane ved UVS (Ulstein vidaregåande skule) får fri. Det blir bestemt seinare i dag.

Hødd har også vore i dialog med dei største bedriftene i kommunen. Dei gir arbeidstakarane som har lyst fri for å sjå kampen.

- Det kan sjølvsagt bli verre for dei som bur eit stykke frå Ulsteinvik å kome seg på kampen. Men totalt sett trur vi på mange tilskodarar. Truleg godt over 1000, fortel Lars-Petter Rønnestad.

Sesongkort tel ikkje i kvalifiseringskampar. Men dei som vil sitje same plass som i serien kan ta med seg sesongkorta til ei av billettlukene.

Alle skuleelevar og aldersbestemte spelarar i Hødd får gratis inngang til kampen - dersom dei møter opp i Ulsmohallen klokka 12.30.

Hødd legg opp til fleire billettbuer enn vanleg for å ta unna publikumsmengdene. Det blir ikkje førehandssal av billettar.

Det blir lagt opp til parkering ved Ahlsell.

- Vi fekk ei enorm støtte frå publikum i Mjøndalen, og håper på det same her heime på onsdag. Det betyr mykje for spelarane, seier Lars-Petter Rønnestad.

Kampstart onsdag er sett til klokka 13.00.

Les også:

- Dette var tungt

Alt rakna i 2. omgang

Bilete før kampen MIF - Hødd

Bilete 1. omgang MIF - Hødd

Bilete 2. omgang MIF - Hødd

* Kampstart 13.00

* Historisk tilbakeblikk med Kjetil Hasund