11. juli klappar MS "Sjøkurs" til kai i Ulsteinvik. Skuleskipet er hyra inn av NRK og skal i sommar vitja i alt 41 hamner langs heile kysten. Sommeråpent og Reiseradioen skal ha sendingar frå kvar hamn og i tillegg kan TV-sjåarar følgje heile seglasen minutt for minutt.

NRK sin sommarbåt kjem til Ulsteinvik

Det er åtte programleiarpar som deler på å gjennomføre sendingane. I Ulsteinvik vert dette den erfarne TV-profilen Nadia Hasnaoui og den ikkje fullt så røynde programleiaren Atle Pettersen som vi kjenner frå mellom anna TV-programma X-Faktor, Skal vi danse og Stjernekamp. Han har også reist landet rundt som artist.

På turen sørover langs Norskekysten skal Hasnaoui og Pettersen innom Brekstad, Levanger, Hitra og Molde før dei altså mønstrar av i Ulsteinvik.

Til NRK seier Atle Pettersen at han har spelt på dei fleste av dei fem stadane dei skal innom.

I fjor song han på Sjøborg saman med Ulstein Storband under Smak av Ulstein

- Det er veldig fint langs kysten der, så det vert ei vakker oppleving, trur Pettersen.