Den siste tida har planane om nytt helsehus på Hareid fått luft under vengjene, spesielt etter at to private aktørar har kome med initiativ til korleis slikt kan løysast. I kommunestyremøtet på Hareid torsdag, spurte difor Annika Brandal (V) om kommunestyret kunne få ei orientering frå prosjektgruppa som arbeider med helsehus på Hareid og om kva som var status for prosjektet.

- Av det eg har sett, er begge prosjekta spennande, og vil vere med på gje sentrum eit positivt løft. Eg er ikkje sikker på om vi har råd til å seie nei til eit privat initiativ, avslutta Brandal sitt spørsmål.

Les også: - Eit like bra alternativ

Kjem til kommunestyret

Ordførar Anders Riise (H) svara for prosjektgruppa, og fortel at kommunen både skal sjekke ut private initiativ og moglegheitene for at Hareid kommune kan byggje helsehus i eigen regi.

- No har vi gått ut og søkt etter private initiativ som kan vere aktuelle for å bidra til å løyse dei utfordringane vi står ovanfor. Det har allereie kome to forslag, og eg har fått telefonar frå fleire andre som vurderer å kome med andre løysingar. Men Riise understreka at det ikkje er prosjektgruppa som skal vurdere om ein skal gå for private initiativ. Det er det kommunestyret som skal gjere, og Riise fortel at ei sak om helsehus difor skal opp i det neste kommunestyremøtet.

Det vil seie 17. november.

- Eg forstår utolmodigheita i kommunestyret, til dei private og legane, men ein må hugse på at vi skal vedta eit budsjett i desember og at vi skal ut av ROBEK, forhåpentligvis i løpet av våren. Arbeidet må gjerast på korrekt måte og ein må sikre at vi får best mogleg effekt i sentrum, slo Riise fast.

Les også: Vil ha fleire private aktørar på banen

Så snart som råd

Helsehus vart også tema under handsaminga av sak om utvikling av fastlegetenesta. Oskar Grimstad (Frp) var klar på at helsehuset må kome på plass så snart som råd.

- Det handlar om utvikling av Hareid sentrum, om rekruttering av nye legar og om tilrettelegging for dei som allereie er her, og som utfører ei teneste som er viktig for innbyggjarane. Bernd Brandal (Folkelista) vil også ha helsehuset på plass så raskt som råd, men han understreka at ein må tenkje på økonomien i prosjektet.

- Uavhengig av løysing må det ikkje bli for dyrt for kommunen eller for legane, meinte han.