Hugsar du Simret Hagos og dei 8 barna hennar som blei sendt ut av Norge og måtte være nærare tre veker på Charles de Gaulle-flyplassen i Paris i mars 2014?

No sender ho helsing og takk til folk i Ulstein. «Folk i Ulstein var so snille med oss», seier Simret og barna. «Vi hadde det godt der, og ungane var med på både idrett og kor».  Ho takkar også for den økonomiske støtta ho fekk i ei særs vanskeleg tid.

Familien har fått det bra sjølv om den første tida i Frankrike var tøff med stadige flyttingar. Dei har fått permanent opphald i Frankrike, og bur no i ein by rundt  2,5 timars togreise aust for Paris.

Ingen av dei snakkar noko særleg norsk lenger, men eit par av jentene vil ta opp att norsken på internett når dei er blitt flinkare i fransk. Alle barna går no i ordinære franske klassar, tre på vidaregående, ein på ungdomsskulen, to på folkeskulen og to i barnehagen. Minstemann, Eveneser, er fødd på sjukehuset i Volda og er eit stort sjarmtroll.

Dei går i den katolske kyrkja i byen der, og to nonner hjelper dei med køyring til og frå. Den eine nonna hadde invitert Simret og dei yngste barna på ein dagstur til ein innsjø i sommar. «Dei er som folk i Ulstein» , sa Simret då ho fortalde dette. Suzan kom stolt og viste bibelen som ho hadde fått då dei budde i Ulstein, og inni den stod det: Ei helsing frå Ulstein sokn.  «Eg forstår lite av det eg les no, men det er eit kjært minne», sa Suzan.

Underteikna hadde ein fin dag i lag med familien og hermed er helsinga gitt.

Ranveig Kaldhol, diakon i Ulstein sokn.