Vikebladet Vestposten møter Garnes og Szymanski på vegskuldra til fylkesvegen i Botnen. Dei er gode naboar og redde foreldre til skuleborna som bur her.

– Det er spesielt tung trafikk om morgonen, under morgonrushet. Store lastebilar som køyrer i enorm fart og ei endelaus rekkje bilar. Lastebilsjåførane verkar dessutan som om dei er redde for å miste farta når dei kjem opp i bakken, så dei tek ekstra rennefart. Det er i det heile tatt ein svært farleg vegbit dette, og aller farlegast for dei mjuke trafikantane, borna våre, seier Reidar Garnes og Maciej Szymanski.

I ein video filma av ein bilist i førre veke, er det ein lastebil som akkurat klarer å svinge unna borna til Reidar, som er på veg heim frå skule.

Sjå videoen her.

Skulebussen frå Møre-skulen stoppar nemleg på busstoppet 2–300 meter frå oppkøyrselen til huset, i retning Kvalnestunnelen.

– Eg fekk hjartet i halsen då eg såg klippet første gongen. Først fekk eg panikk, så blei eg forbanna og så blei eg frustrert. Eg håper kommunepolitikarane har sett dette klippet, alle som ein, og at Statens vegvesen snart får fart i å gjere noko med dette. Ein reportasje NRK laga her for tre år sidan gjorde berre at vegvesenet fjerna eit busskur, seier Reidar Garnes.

– Held oss for narr

Fedrane er oppgitte over tida det tek Ulstein kommune og Statens vegvesen å finne ut av korleis dei kan gjere skulevegen til borna trygg. Garnes og Szymanski har ved fleire høve føreslått tiltak som til dømes å setje ned fartsgrensa forbi husa, ein gangveg anten på oppsida eller nedsida av fylkesvegen og skuletransport til borna.

– Vegvesenet spesielt føler eg har halde oss for narr. Dei sa vel eigentleg rett ut at bilistane ikkje ville skjønne problemet, skjønne at her burde vore 60-sone. Med det kallar dei eigentleg bilistane for dumme. Eg har prata med mange yrkessjåførar, som har sagt at her burde vore lågare fartsgrense, seier Reidar Garnes.

I september i år hadde Maciej Szymanski eit møte med Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp), der han i detalj forklarte situasjonen i Botnen.

– Det var eit positivt møte, og han noterte alt eg sa. Han kunne ikkje hjelpe oss direkte, men han skulle prate med teknisk utval, ved Alf Johan Antonsen. Vi prata også med Antonsen, men har ikkje høyrt meir verken frå han eller ordføraren. Eg har fått høyre frå ein annan representant i utvalet at dette ikkje har blitt diskutert i det heile. Det betyr at informasjonen går inn eine øyret og ut det andre, seier Szymanski.

Les også: - Ikkje ein forsvarleg situasjon (FOR ABONNENTAR).

For to år sidan søkte Maciej Szymanski og Reidar Garnes om ekstraordinær skuleskyss grunna farleg skuleveg.

– Vi måtte sende dette til rektor ved skulane, då borna våre går på høvesvis Møre og Hasund skule. Etter dette har vi ikkje høyrt meir. Vi har berre fått høyre at kommunen ikkje har pengar til å finansiere ei slik løysing, seier Garnes.

Utsett for stor risiko

Det var altså i ein urovekkjande video, som blei fanga på film av Joar Ødegård i førre veke, ein ser korleis ein lastebil måtte gjere ein høgst diskutabel manøver for å kome seg forbi to skuleborn som gjekk langs fylkesvegen i Botnen. Ødegård kunne nesten ikkje tru det han hadde filma med dashbordkameraet sitt, og var raskt ute med å kontakte far til skuleborna.

– Eg låg bak denne lastebilen frå Myrvåg av, og sjåføren både heldt fartsgrensa og var flink til å bruke signal. Men akkurat avgjersla sjåføren tok då han passerte desse borna, og så vidt ikkje tok bilen som kom i motgåande køyrefelt, var dårleg. Eg har sjølv køyrt lokal- og langtransport i mange år sjølv, og eg også har gjort feilvurderingar, men det er slikt som dette som aldri skal skje. Eg har også snakka med sjåføren i ettertid, og han har lagt seg langflat etter hendinga, seier Ødegård.

Han kontakta først faren til borna på videoen, Reidar Garnes.

– Eg kontakta han fordi eg hadde ei aning om at dette ville vere interessant for dei, sidan situasjonen for borna i området er så risikofylt. Faren sette stor pris på tilbakemeldinga, og spurde om han kunne få nytte videoen mot Ulstein kommune og Statens vegvesen for å poengtere kva slags risiko borna er utsette for, seier Ødegård.

Også Vikebladet Vestposten har no fått samtykke frå både fotografen og bileigaren til å nytte videoen på våre nettsider.

– Ein tankevekkjar

Bileigaren er Graving og Transport AS, ved dagleg leiar Svein-Arne Bigset. Bileigaren tek fullstendig avstand frå manøveren ein ser i videoen.

– Det var rett og slett ei forferdeleg dårleg vurdering, av ein elles dyktig og erfaren sjåfør. Vedkomande har fått seg ein skikkeleg tankevekkjar, og har beklaga seg overfor foreldra. Eg har også prata med foreldra til borna og beklaga til dei, samt svart på trådane under delingane av videoen på Facebook. Eg føler eg og foreldra har ein god tone, og vi er like opptekne av at dette er eit farleg vegparti. Eg ser mange stygge episodar nesten kvar gong eg køyrer forbi, og eg håper kommunen og Statens vegvesen også får seg ein skikkeleg vekkjar av denne videoen. No må noko gjerast, seier Svein-Arne Bigset.

Reidar Garnes og Maciej Szymanski fortel dei har skværa opp med sjåføren, og poengterer at dei ikkje er sinte på vedkomande.

– Det er ikkje denne sjåføren vi vil ta. Ei dårleg vurdering var det, men dette er det vi opplever til dagleg. Vi ønskjer at kommunen og vegvesenet no ser videoen og faktisk gjer noko med dette!

Det einaste som har blitt gjort etter at NRK Møre og Romsdal laga eit innslag om den livsfarlege skulevegen i Botnen, er at Statens vegvesen fjerna eit busskur, for å betre sikta rundt svingen. - Dette er no tre år sidan, og ingenting har skjedd sidan, seier Reidar Garnes og Maciej Szymanski oppgitt. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.