– Han har forbode meg å rope og skrike, så eg må verkeleg konsentrere meg for å ta meg saman, trur ho seg til lokalavisa like før kampen mot Vard Haugesund startar. Vikebladet Vestposten har invitert seg sjølv til å sitje ved sida av Gro-Lise. «Om du held ut to omgangar ilag med meg skal du få lov til det», svarte ho.

Låg på isolat med kikhoste

Nittenåringen Bendik Rise hadde ein tøff start på livet. Då han var fire veker gamal fekk han kikhoste og måtte leggast på isolat på sjukehuset. Legane førebudde foreldra på at han kanskje kom til å henge etter i utviklinga, men det gjorde han ikkje.

– Han gjekk då han var ni månader gamal, og sidan det har han sparka fotball, fortel Gro-Lise. Både ho og mannen, Harald, har vore svært aktive i støtteapparatet for både Bendik og dei to eldre syskena.

– Det er ekstra nervepirrande no når Bendik spelar på A-laget, seier Gro-Lise, rett før kampen er i gang. No spørs det om ho klarer å halde engasjementet inne.

– Eg har gjort ein avtale om at eg får lov til å kome med eit par skikkeleg «skrell» i kvar omgang, ler ho.

Nervepirrande i første omgang

– Dommaaar!! Oj!! Godt Jobba!! Pinglepasing!!

Kampen startar med høgt Hødd-press, og det går ikkje lenge før den første skaden kjem. Ikkje på bana men på tribunen.

– Ååå, no fekk eg krampe, eg spelar kamp, eg, veit du, seier Gro-Lise og masserer venstre legg.

– Ut igjen!! Pass på han nummer 16!! Nei, ka ditta va for noke?? Bra!!

Utropa kjem på rekke og rad. Frå ei som altså eigentleg har fått forbod mot å rope og skrike. Av sonen, han som no spelar ute på Høddvollmatta.

- No må dokke halde på ballen!! Stoooopp!! Dommaaar!!

Første omgang endar 0-0, men heimelaget var nær skåring fleire gongar. Gro-Lise har framleis håp.

– Det er dei første tjue minutta som er verst. Og verst er det viss Hødd får eit tidleg mål imot seg, seier ho, og påstår at pulsen har gått litt ned no når det er pause. Ho rekk å fortelje at ho er oppvaksen i Hødd, sidan faren, Severin Myklebust, først spelte på Hødd og seinare var oppmann i mange år. Sjølv dreiv ho med handball, men måtte gje seg som syttenåring på grunn av kneskade.

To mål imot

Hødd startar brukbart i andre omgang, men ballen vil ikkje i mål.

– Helsike heller, ka dokke styrer med?? Svarte svingande, det var nesten!! Dette er til å få tarmslyng av!! Å steike ta, dokke må prate!

Og når Vard tek leiinga både 1-0 og 2-0, går pusten litt ut av Gro-Lise. Men det kjem stadige rop.

– Han Eirik er med! Flott, Sondre! Bra Jesper! Nei, Didrik, litt meir presis! Flaks i fela! Du må ikkje trekkje deg!!

Ho kjenner alle spelarane og alle spelarane kjenner henne. Heimen i Klovningen har i alle år hatt opa dør for ungdom som treng mat og prat.

– Det viktigaste for meg har ikkje vore å fostre fotballspelarar, men menneske, fortel ho.

Kampen endar med tap, og sonen Bendik må gå av bana med vondt i ein fot. Det vart visst litt fleire «skrell» enn avtalt i begge omgangane, men Gro-Lise har analysen klar.

– Hødd har ballen mykje, men det blir nokre personlege feil som blir katastrofale. Puh, no må eg legge meg og sove ein time, seier Gro-Lise Rise når kampen er slutt.

(Det måtte forresten også lokalavisjournalisten gjere.)