Ordførar Anders Riise i Hareid har protestert, det same har ordførar Jan Berset i Ulstein, eit samla MAFOSS og store mengder pendlarar. Ja, til og med stortingspolitikar Oskar Grimstad har fått ferjesaka opp i Stortinget, men til inga nytta.

På eit møte i dag sa Statens vegvesen nei til å flytte ferja, slik  Norled har opna for, melder NRK Møre og Romsdal.

Bakgrunnen for dei mange protestane på Ytre Søre Sunnmøre er at "Ullensvang" er eldre og vanskelegare både å laste og losse bilane ut av. Frykta er derfor stor for at mange bilar må stå att når lemmen går ned, og at ferja ikkje klarer å halde rutetidene.

Kjem til å slåss vidare

Ordførar Anders Riise i Hareid seier til vikebladet.no at han ikkje kjem til å gi seg. Det vil bli full protestinnsats fram til 31.12. 2014. Og også etter den tid.

- Vi kjem til å protestere også frå 1. januar neste år. For det det er lite truleg at ho klarer å halde ruta, og då er det kontraktsbrot.

Men frå 1. januar neste år kjem "Ullensvang" inn mologapet på Hareid.

Omstridd ferje

Klare forventningar

Klar tale