Med hjelp frå den vesle lokale slepebåten S/B Hugin, med skipper Jan Erik Saunes bak roret, glei det 120 meter lange og 21 meter breie lasteskipet M/S Kvitbjørn av skjeret like utanfor Skeide rundt klokka halv ni søndag kveld.

Les også: David dytta Goliat av skjeret

Samanstøyten med skjeret Skeidskråka førte heldigvis ikkje til lekkasje frå den gassdrivne båten, som går under nemninga "verdas mest miljøvenlege lasteskip". Men, konsernsjefen i reiarlaget fortel at stålet under båten har fått seg nokre solide merker.

- Det har blitt slått inn ein del stader i botnen. Difor er vi nøydde til å få bytta ein del av stålet. Ein må nok difor stålsette seg på eit lengre verkstadopphald for Kvitbjørn, fortel Ingvald Løyning, øvste sjef i DSD (Det Stavangerske Dampskibsselskab) til Vikebladet Vestposten måndag.

Les også: Her prøver redningsskøyta å drage M/S Kvitbjørn av skjeret

Les også: - Kunne gått på både to og tre skjer

Måndag morgon gjekk skipet til Ålesund for å losse av lasta, men er tilbake i Ulsteinvik om ikkje lenge for reparasjonar på skroget.

Teknisk svikt er sterkaste teorien

Mange spør seg framleis korleis eit topp moderne fartøy, som blei døypt så seint som i april i år, kunne gå på eit godt kjent skjer like utanfor Skeide i Ulstein kommune.

- Sanninga er at det veit vi ikkje enno. Vi skjønar framleis ikkje kva som har skjedd. Vi held framleis på med feilsøking om bord, fortel Løyning og legg til:

- Det er sjølvsagt ingen som likar å komme bort i slike situasjonar, og aller minst mannskapet i dette tilfellet. Utover det er både mannskapet og vi i leiinga overtydde om at dette var ein teknisk feil, ikkje ein menneskeleg.