Bjarne Kvalsvik fortel at det er ein veldig kamp om samferdselsmidlar i Møre og Romsdal. Som fylkespolitikar har han prøvd å skaffe midlar til trygging av Hasundkrysset, men har ikkje klart å få gjennomslag.

UTBETRING:

ULYKKE:

- Det er ingen tvil om at dette er eit kryss med mange ulykker og truleg endå fleire nestenulykker. Eg trur det kan vere lurt av leiinga i Ulstein kommune i alle fall å vurdere om dei kan tenke seg å forskottere midlar til  trygging av krysset, seier Kvalsvik.

Han legg til at kommunen vil få att pengane frå fylket etter kvart, men at vurderinga vil gå på om Ulstein har midlar til forskotteringa.

- Det finst fleire døme på forskottering her på Ytre Søre, seier Kvalsvik.

To døme er undergang ved Frøystadtoppen og utbetring av Skarabakken i Herøy.

- Det finst forresten fleire farlege strekningar langs riksveg 61, blant anna Sjukeheimssvingane og inn- utkøyringa til Saunesmarka i Ulsteinvik, seier Kvalsvik.

Han har site fire år i Samferdselsutvalet for fylkeskommunen. Kvalsvik vart vald inn for Sunnmørslista, men braut ut. Han står no øvst på "Uavhengig valliste for Sunnmøre".

- Samferdselsutvalet har skaffa midlar til fleire prosjekt på Ytre Søre Sunnmøre dei fire siste åra. Det er blant anna gjennomført gode gangvegprosjekt i alle kommunane, og i Ulsteinvik er Sjøgata ferdigstilt, kommenterer Kvalsvik.

- Men tilbodet på ferjestrekninga Hareid-Sulesund kan du vel ikkje seie deg nøgd med?

- Nei, eg prøvde å få inn i kontraktteksten at ferjemateriellet ikkje skulle vere over 10 år gammalt, men fekk ikkje gjennomslag. Det som har kome der er eigentleg ein katastrofe.

SKIFTA LISTE:

17 DRIFTSAVBROT: