I dag fall dommen i Sunnmøre tingrett, og Ulstein kommune har tapt på alle felt.

Retten har festa lit til  at Glen Børge Løset Flø vart mobba gjennom heile grunnskuletida si i Ulstein.

Dei konkluderer med at det er sannsynleg at Flø ville klart vidaregåande skule dersom han ikkje var påført langvrig og traumatiserande mobbing, heiter det blant anna i dommen.

Les også: Krev vel 1,9 mill. kr.

Ulstein kommune må betale 1,66 millionar som personleg erstatning. I tillegg får Flø nærare 300.000 kroner som erstatning for økonomisk tap, og Ulstein kommune må dekkje sakskostnadene til Flø.

- I dag føler eg på ei stor befriing. Etter alle desse åra med så mykje elendigheit, er det godt å bli trudd, seier Glen Børge Løset Flø til Vikebladet Vestposten.

Og han legg til:

- Eg veit sjølvsagt at historia mi er sann, men eg torde ikkje å ha for store forhåpningar. Det ville blitt så knusande for meg viss retten trudde meir på motparten, forklarer han.

Les også: Summen av feila:

Glad for utfallet

Glenn Børge fekk vite utfallet av dommen onsdag klokka 12.00, og han har hatt ein samtale med advokaten sin, Lars-Henrik Windhaug.

- Han er også svært glad for utfallet, seier Løset Flø.

Glenn Børge er no busett i Bergen, der han studerer Sampol120 ved universitetet. Onsdag hadde han heimeeksamen, og på fredag er det ny eksamen.

- Så eg har ikkje så mykje tid til feiring. Det er nok at eg har vunne fram, seier han.