Avtroppande Monsiade-general  Mons Sandnes og påtroppande Monsiade-general Arne Sandnes, opplyser at årets Monsiade for utviklingshemma går av stabelen på Eidsåvoll i Vanylven kommune den 7. juni.

Dette er Monsiade nr 22 i rekka, og populariteten for arrangementet er aukande.

Arrangementet let menneske med funksjons- og utviklingshindringar få konkurrere i ymse idrettsgreiner, i tillegg står det sosiale med  leik og moro sentralt.

Fjøresteinane opptrer

Merkesteinane står for det musikalske innslaget under arrangementet, med Fjøresteinane som oppvarmingsband. Både Merkesteinane og Fjøresteinane er kjende for å spele god musikk som det svingar av og skape god stemning.

Stor oppslutning

Rundt 170 deltakarar frå dei sju kommunane på Søre Sunnmøre og Nordfjord-kommunane Selje, Vågsøy og Eid tek del.

Det blir nokre overraskingar i år, men elles har vi valt å halde på det opplegget vi har hatt.

Prominente gjestar er årvisst innom Monsiaden, som i år vert opna av ordførar i Vanylven Lena Marie Landsverk Sande.

Berre å melde seg på

Alle utviklingshemma i området vårt er inviterte, både dei som er på institusjon og dei som bur heime. Dei som bur heime er det ikkje så lett å nå tak i med invitasjon, så der ber vi dei føresette om å ta kontakt for påmelding. Det kan dei gjere gjennom kulturkontoret i Vanylven.