Tre poeng, tre scoringar og null baklengsmål gav Hødd akkurat den sesongstarten dei hadde håpa på. Samstundes kan ikkje Hødd gle seg for lenge over den gode prestasjonen mot Stjørdals-Blink, for no må laget omstille til bortemøtet mot Volda.

– Det er dette som er utfordringa. Du brukar mykje energi inn mot ein seriestart, det byggjer seg opp i vekene inn mot seriestarten og det er den alle snakkar om. Så blir den ferdig og då må ein lande så raskt som råd etterpå, og det er ei mental sak som trenarane og spelarane må bli ferdige med, fortel Sindre Eid.

Ønskjer å gjere det godt

Med ny kamp allereie onsdag, og deretter seriekamp på Høddvoll laurdag, får Hødd ein hektisk sesongstart, men Eid gler seg til å kome i gang med cupspelet.

– Vi veit jo kva cupen handlar om og det kan vere ei fantastisk reise å vere med på, men då må vi vere skjerpa frå start. Du får ikkje meir enn ein sjanse, og dersom vi taper onsdag så er vi ferdige for i år. Difor må vi sørge for at vi er påskrudde igjen til onsdag, og det er ikkje nokon grunn til at vi ikkje skal vere det. Vi har jo trent i heile år for å handtere mange kampar og har trent heile året for å gjere det så godt som mogleg. Cupen er ei av dei to moglegheitene vi har til å gjere det godt og vi ønskjer å gjere det godt både der og i serien, fortel Hødd-trenaren.

Eid tek ikkje lett på motstandarane frå 4.-divisjon, som opna sesongen med 5–1 siger over FK Sykkylven, men han slår samstundes fast at Hødd skal vere det beste laget.

– Dersom vi gjer oss klare til denne kampen på ein skikkeleg måte så skal vi ta oss vidare til andre runde. Cupen handlar om opplevingar og det blir heilt sikkert ei oppleving i Volda på onsdag med mykje folk og stor ståhei. Dersom vi vinn der inne så veit vi at vi kan skape oss endå fleire opplevingar og det hadde vore utruleg kjekt om vi kunne gå eit stykke i cupen i år. Kjem ein seg gjennom dei første rundane kan alt skje, seier Eid.

Stiller sterkt lag

Med tre kampar åtte dagar har Eid sjansen til å gje fleire spelarar sjansen, men skal ein tru Hødd-trenaren så vil han ikkje gjere dei store endringane til kampen mot Volda.

– Det er ikkje snakk om å byte så mange. Vi har ein bra tropp og god konkurranse i laget, men vi kjem til å gå ”all in”. Det er ikkje snakk om å stille eit svekka Hødd-lag på onsdag. Det vart ein kjempeboost for oss på laurdag og vi ønskjer å halde på den, halde fram med å vinne fotballkampar og prestere. Det vil nok bli nokre endringar frå laurdag, men ikkje endringar som svekker laget, fortel Eid.

I fjor vann Hødd 2 4.-divisjon på Sunnmøre, åtte poeng framom Volda på tredjeplass. Dermed skal a-laget til Hødd vere store favorittar før cupkampen, men Eid lovar at dei blåkvite ikkje vil ta lett på oppgåva.

– Vi må vere hundre prosent. Dersom 11 spelarar senkar seg fem prosent så blir det altfor mange prosent til saman. Seinast i fjor var Volda nære ved å slå ut Molde der inne. Dersom vi trur det blir enkelt så kjem vi til å tape og det har vi ikkje tenkt å gjere. Vi må vere skjerpa frå start og dersom vi er det så trur eg vi kjem til å vinne kampen, seier trenaren.

Avansement frå første runde er det einaste som er godt nok for Hødd, også slik at laget kan ta med seg positiviteten frå første serierunde inn mot første heimekampen.

– Med siger på onsdag, som vi skal ha, så har vi rigga oss godt til laurdag og då blir det også mykje folk på Høddvoll, som er det vi ønskjer oss, seier Eid.

Vikebladet Vestposten sender Hødd sin cupkamp mot Volda i samarbeid med Høgskulen i Volda.