Måndag offentleggjorde Noregs Fotballforbund kva kampar som blir sendt på TV i 20.-22. serierunde.

Blant desse kampane finn ein toppkampen mellom Sandnes Ulf (2.-plass) og Hødd (3.-plass), som blir vist på CMore Fotball.

Denne kampen vert då flytta til måndag 24. august. Det vert eit fint høve for Hødd til å revansjere seg mot rogalendingane etter at dei vart slått 3-1 på Høddvoll tidlegare i vår.

Tidlegare i år har Hødd blitt vist på fjernsynet i kampane mot Fredrikstad og Brann. Hødds første første seriekamp i haustsesongen vert også vist på TV.

Begge kampane kan ein også sjølvsagt følgje på Vikebladet.no!