Sjå bildeserie frå gullfeiringa i Donetsk

Karsten Warholm frå Garsholhaugen i Ulstein er verdsmeister i mangekamp for U18. Han leia gjennom alle dei åtte disiplinane og sette fleire personlege rekordar gjennom konkurransen i Donetsk i Ukraina.

For siste øvelse torsdag kveld, 1000 meter løp, hadde dimningen ei luke på 163 poeng ned til den næraste rivalen.

Han vann pulja si på 1000 meter med tida 2.45.80, som er ny personleg rekord. Dei fleste av samanlagtrivalane hans sprang også i denne pulja, og Karsten auka luka ned til andreplassen på den avgjerande øvelsen.

Karsten Warholm fekk til saman 6451 poeng i mangekampen. Ifølgje arrangøren er dette berre 40 poeng unna verdsrekorden i åttekamp for denne aldersgruppa. Han slo nummer to i konkurransen med 191 poeng.

Ifølgje TV2 Sporten var Isabelle Pedersen den einaste nordmannen som hadde klart å ta VM-gull i friidrett for U18 før Karsten Warholm gjorde det torsdag.

Under kan du lese meir om Karsten sin veg til VM-gull.

Topp 3 etter fullført konkurranse:

1. Karsten Warholm - 6451p2. Feliks Shestopalov - 6260p3. Jan Dolezal - 6222p

Tre personlege rekordar

Onsdag sette Karsten Warholm tre nye personlege rekordar under U18-VM i Ukraina. I dag skal mangekampen avsluttast med dei fire øvingane hekk (110 m), høgdehopp, spydkast og 1000-meter.

Målet for ungguten var å halde på samanlagtleiinga etter den første dagen, noko han klarte med god margin.

Best i hekkeløpet

Klokka 10.10 lokal tid (9.10 norsk tid) starta dagens første øving - 110m hekk.

Som den einaste utøvaren som sprang under 14 sekund, segla Warholm til topps i denne øvinga også. Tida heldt til 13.86, som er endå ein ny personleg rekord for 17-åringen.

Les også: Klar for VM-debuten

Over to meter

Og personleg rekord skulle det bli også i høgehopp litt seinare på dagen.

Warholm var éin av tre utøvarar som passerte 2-metersmerket. Hoppet på 2.02 meter vart ståande som det tredje høgaste, bak Loek van Zevenbergen (Nederland) og Santiago Ford (Cuba) som begge hoppa 2.05.

Trenar Arve Hatløy er svært spent på dei to siste øvingane i ettermiddag.

- Karsten slit litt med ein muskl i ryggen, så spydkastet blir ei kritisk øving. Så vi håpar på at han får eit godt førstekast og at vi får med oss eit godt resultat, seier Hatløy.

- Kva håpar de på?

- Han har ein personleg rekord på 46 meter, så rundt der vil vere heilt perfekt.

Korleis taktikken blir lagt opp til den aller siste øvinga i kveld, 1000-meteren, har ikkje vore eit tema enno.

- Det har eg ikkje snakka med han om. Taktikken legg vi opp etter spydkastet, forklarar Hatløy.

Avstanden halvert i spydkonkurransen

Karsten kasta 42,53 meter i spydkonkurransen. Det var nok til at dei argaste konkurrentane ikkje tok for mykje innpå.

Sugu Shiozaki frå Japan vann spydkonkurransen med eit kast på 59,76 meter.

Av samanlagtrivalane var det tsjekkiske Jan Dolezal som gjorde det skarpast. Han avanserte til andreplass samanlagt med eit kast på 57,07 meter.

Den svake plasseringa i spydkonkurransen reduserte som forventa luka frå Karsten ned til andreplassen. Luka var på 303 poeng før spyda vart kasta.

Luka opp til Karsten Warholm var på 163 poeng før 1000-meteren, som var den avgjerande øvelsen.

Der slo Karsten altså alle dei argaste konkurrentane og sikra eit ferskt VM-gull til Norge, Ulstein, Garsholhaugen og Dimna IL.

Her ser treningskameratane i Dimna IL Karsten Warholm ta VM-gull i Donetsk i Ukraina under ei pause i treninga på Høddvoll torsdag kveld. Foto: Joakim Rødven