– Eg er heldig som har foreldre, vener og kollegaer som har støtta meg heile vegen, fortel Steffen Kopperstad. Han har levd med sjukdommen cystisk fibrose heile livet, og har spesielt tidlegare slite med effektane av lidinga. Men no har han følt seg betre i lengre tid, og ønskjer å gjere noko for andre. – Ikkje la sjukdommen definere deg sjølv. Det har i alle fall eg slutta med, seier Steffen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

– Eg vil ikkje la sjukdommen definere kven eg er

Steffen har sett seg eit mål om å tene ei månadsløn innan 14. juli. Det vil han gjere ved å hjelpe medmenneska sine med både små og store oppgåver.