Nesten all fritid går med til båtprosjektet

- Gulrota er å reise på jordomsegling

Sambuarparet Tom André Aarsnes og Åse Mari Melbøe Johannessen restaurerer ei Colin Archer-skøyte frå 1910. Det krev både kjærleik og pågangsmot.

Felles interesse: Åse-Mari Melbøe Johannessen og Tom Andre Aarsnes synest det er givande å bruke tid og krefter på å restaurere Colin Archer-skøyta frå 1910. Skipshunden «Dennis» trivst også om bord. 

Feature

Sambuarparet er busette i Ørsta, men nesten all fritid blir brukt i ein rubbhall på Saunes i Ulsteinvik. Der har dei også ei campingvogn ståande, slik at dei kan overnatte når sjansen til ekstra lange arbeidskveldar byr seg.