Kveldsro: Ein gong på slutten av 1920-talet bestemte det unge ekteparet Oline (f. Garshol) og Johannes Osnes i Ulsteinvik seg for å bygge sitt eige hus. Tomt hadde dei fått kjøpe på jorda til Sigvald Hofseth, og Ole «Hau» Hofseth vart leigd inn som byggmeister. Etter nokre år stod det vakre huset med det spesielle taket ferdig, og familien kunne flytte inn. Tre born voks opp i huset: Kristi (f. 1928) og gift Breyholtz, Guttorm (f. 1930) og Torgeir (f. 1936). I dag er det berre Kristi (Kikki) som lever att, og ho veit ikkje om huset er arkitektteikna eller om det var Ole Hofseth som teikna det sjølv. Men det ho veit, er at det opp gjennom åra er mange som har kommentert huset, fordi dei synest det er spesielt fint. Det er ikkje skrive namn til fotoet - og sidan 91 år gamle Kikki Breyholtz i dag er svaksynt, har det vist seg vanskeleg å namngi alle personane på bildet. Men ho kjenner att bestefaren Nils Osnes, som held Guttorm Osnes på armen. Jenta fremst med mørkt hår er tanta til Kikki. Ho blir kalla Mossi, og bur i Åkrehamn på Karmøya. I dag er ho 97 år gammal, og framleis i god form. Den vaksne kvinna i kvit kjole er Oline, mor til Kikki. Dei små borna på bildet er det litt vanskelegare å namngi, men Kikki tippar at Sundal-søskenborna Jon, Nils, Kirsti (g. Hasund) og Bodil (g. Hareide) er med på bildet. Av dei som er på bildet er det i dag berre Mossi og Kikki Breyholtz som lever. Men «Kveldsro» er framleis i familien. Eigar i dag er Linn Osnes, dotter til Guttorm Osnes. ANNE GRY EILERTSEN

Kveldsro