To tenorar: Dei to stramme karane i dress og songarhuve er Kåre Holstad (t.v.) og Tolleiv Mork. Begge var fødde i 1919, og begge kom frå markante songarfamiliar. Tolleiv Mork var frå Myra på Grimstad, og var nummer tolv og yngstemann i barneflokken til Lars og Laura Mork. Det blir fortalt at når dei var samla i familieselskap, tona det fleirstemt song frå stova i Myra. Tolleiv var i sine unge år til sjøs, og seinare jobba han både ved Ulstein Mekaniske Verksted og på Hareid Bruk. Han var gift med Alfhild (f. Stordal), og dei fekk fem barn. Han var i mange år medlem i Hareid mannskor, og det hende også at 1.-tenoren var solist. Tolleiv fekk etter kvart ein del helseplager, og døydde i 1987, 68 år gammal. Kåre Holstad fekk ei endå lenger fartstid i Hareid mannskor. Han var med frå starten i 1945 og til koret vart lagt ned rundt 1984. Også han var frå ei songarslekt, og både brørne Norleif og Arne har sunge i mannskoret. Det same har onkelborna hans; Nils, Arild og Jens (også vore dirigent) og sonen Lasse. Kåre var i sin ungdom elev ved Statens Gartnerskole på Dønnesmoen, og der møtte han Kristina frå sørlandsbyen Grimstad. Dei flytta til Hareid der Kåre jobba ved planteskulen til bror Norleif, og dei fekk etter kvart tre born. Kåre og Kristina var naboar til ungdomshuset Trudvang, og i mange år var Kåre Holstad mannskoret sin mann på Trudvang. Den gongen var ting på stell og Kåre sørga for at alt var i orden før der til dømes skulle arrangerast konsertar eller dans. Mange kan sikkert hugse Kåre frå laurdagskveldar med dans på Trudvang. I pausane gjekk han rundt og skava av eit stearinlys, slik at det skulle vere glatt på dansegolvet. Han dreiv også Hareid Kino i same bygget frå tidleg 1960-tal til kinoen vart lagt ned på midten av 1980-talet. Kåre døydde i 2006. Ole Teigene var dirigent for Hareid mannskor frå 1945 til 1983 (med unntak frå åra 52-62, då koret låg nede). I 1984 tok Jens Holstad på seg dirigentansvaret i ca. eitt år før koret vart lagt ned. Ved ANNE GRY EILERTSEN

To tenorar