Maria Petra Brandal (20) frå Horten har mykje slekt og vener i Hareid og Volda. Fredag er det klart for livesendingar for dei 16 attverande deltakarane i «The Voice» – og Maria Petra er blant storfavorittane. Foto: Robert Holand/ TV 2.

– Eg føler jo at eg har litt hareidsdøling i meg også

Maria Petra Brandal seglar opp som ein av dei største favorittane til å gå av med sigeren i årets utgåve av den TV2-sende songkonkurransen «The Voice». Sjølv om brorparten av oppveksten hennar var i Horten, budde ho sine første fem år i Volda – og har feriert ofte på Hareid.