Språkspalta:

Den nye Hødd-trenaren

Kevin Knappen, eller Ole Kevin Knappen, som er hans fulle namn, er basisen til denne vekas Språkspalte.  Foto: Erik K. Heimdal.

Forbrukar

Den nye Hødd-trenaren heiter Ole Kevin Knappen. Etternamnet synest å ha ein slags tvilling her på Ytre Søre Sunnmøre i slektsnamnet Knotten. Det ligg i korta at Knappen og Knotten viser til nokså like landskapsformasjonar.