Oktober-oppsving i eigedomsmarknaden

Bolig og eiendom

Ein eigedom på Strandabøen, beståande av ein stor einebustad, strandlinje og eige naust, var den eigedomen som oppnådde høgaste prisen av dei eigedomane som vart omsette i Ulstein og Hareid i oktober. Strandabøfjøra 28 vart selt for seks millionar kroner. Eit småbruk i Selvågane oppnådde ein pris på 5.150.000- taksta var på 4,6 millionar kroner- medan den tredje dyraste eigedomen som vart omsett i kommunen var ein einebustad i Varleitesvingen som vart selt for 4.360.000 kroner.