Språkspalta:

Når noko er LØYE

”De’ e’ mykje LØYE med det”, sa sunnmøringen. Det skriv Leiv Arne Grimstad i denne vekas språkspalte.  Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Fra papir

”De’ e’ mykje LØYE med det”, sa sunnmøringen. Eg overhøyrde replikken i avgangshallen på Vigra flyplass her om dagen. Eg syntest det var ein litt underleg møte å turnere ordet LØYE på. Ei slags blanding av substantiv og adjektiv. Eg tolka utsegna dit at MYKJE LØYE var det same som MYKJE MORO eller MYKJE RART. Dersom mannen meinte MYKJE MORO, var det snakk om eit såkalla abstrakt substantiv; substantiv som ikkje finst i fleirtal: EI MORO – MOROA, men aldri i verda MOROENE eller MOROER.