- Eg vil ikkje uttale meg for mykje om dommaren, men eg synest dømminga hans øydela litt av kampen. Ni gule kort er mykje. Dommaren burde lest situasjonane betre, seier Hødd-kaptein Jesper Törnqvist til Vikebladet Vestposten.

Og får støtte av Erik Sandal.

- Vi får gult kort på vår første takling. Då hadde Kristiansund allereie hatt to som var verre. Det burde blitt dømt frispark før Kristiansund scora. Sjølv fekk eg eit merkeleg gult kort. Og det hagla elles med kort til oss. Men, men. Vi får ikkje gjort noko med det no. Vi får berre fokusere på neste kamp, seier mannen som stod for Hødds vakre utlikning etter 59 minutt.

Eit mål som Sandal ikkje fann tid til å glede seg over etter kampslutt.

Fredrik Aursnes, banens store spelar, irriterte seg også over dømminga til Martin Lundby.

- Det er dommaren si skuld at det vart så mange situasjonar denne kampen. Han fekk høyre det tidleg av oss, og så balla det berre på seg, seier Aursnes, som fekk gult kort i overtida.

Trenar Lars Arne Nilsen ville ikkje seie spesielt mykje om dømminga.

- Nei, den vil eg ikkje kommentere. Det får journalistane ta seg av, seier Nilsen til lokalpressa.

Forsvarer korta

Dommar Martin Lundby sjølv meinte kampen kravde dei korta som han gav ut.

- Kampen tilseier at ni kort var nødvendig. Det er ikkje nødvendigvis ein stygg kamp, men det var to massesamlingar. Ifølgje retningslinjene har eg ikkje noko anna val å gi minst eitt gult kort til kvart lag. Då vart det med éin gong fire gule kort berre der. Eg føler det var ein kamp som fortente så mange gule kort, forklarer Lundby.

Høyr fleire av Martin Lundbys reaksjonar i videoen øvst i saka