Rolls-Royce har signert kontrakt på levering av design og utstyr til ein brønnbåt som skal byggjast for det norske reiarlaget Sølvtrans ved Kleven, Myklebust verft.

Dette er Rolls-Royce sin tredje båt av denne typen til Sølvtrans, dei to første vart levert frå eit verft i Spania. Kontrakta har ein opsjon på bygging av eit farty nummer to hos Kleven. Sølvtrans held til i Ålesund og er eit av verdas største brønnbåtreiarlag for transport av levande laks og aure. Kontrakta vart offentleggjort under feiringa av Kleven si 100årsdag i dag.

Den nye brønnbåten er av Rolls-Royce design, type NVC 387. Fartyet er designa med tanke på optimale forhold for fisk og mannskap. Baugforma bidreg til å redusere bølgjemotstanden, slik at fartyet kan bruke mindre drivstoff, også i grov sjø.

– Sølvtrans bestiller farty med høge krav til teknologi og miljøløysingar. Vi er stolte over å bli valt p å nytt når reirlaget skal fornye flåten sin. Vårt innovative skipsdesign vil gje god driftsøkonomi i tillegg til låge utslepp, seier Monrad Hide, salssjef ved designavdelinga til Rolls-Royce i Ålesund.

Brønnbåten får ein kapasitet p å 3200m3, og kan frakte opp mot 500 tonn levande fisk fordelt på tre tankar. For å kunne frakte levande fisk effektivt og sikkert frå oppdrettsanlegg til fiskeforedlingsfabrikkar på land, trengs det romslege temperaturkontrollerte tankar i lasteromet på båten, med god sirkulasjon og gjennomstrøyming av vatn. Målet er at forbrukarane skal få fisken på bordet så fersk som råd. Båten vert ustyrt for transport i eit lukka system som ikkje gir utslepp til sjø, og tankane vert ustyrte med filter og system for oppsamling og destruering av lus.

I tillegg til design og engineering, skal Rolls-Royce også levere ein stor utstyrspakke med mellom anna thrusterar, ror og styremaskin, elektrosystem, automasjonsanlegg og vinsj.

Forventa leveringstidspunkt frå verftet er mars 2017 for denne siste kontraheringa.