Hødd spelte i medvind og starta kampen klart friskast. Det førte til ein del gode angrep, utan at dei vart avslutta spesielt farleg før etter 13 minutt. Då knalla Eirik Ulland Andersen eit frispark rett i tverrleggjaren. Jesper Törnqvist var på returen, men fekk ikkje avslutta skikkeleg.

Etter denne sjansen kom Ranheim meir med i kampen. 23 minutt var spelt då Magnus Blakstad fekk passere merkeleg åleine gjennom Hødd-forsvaret før han avslutta i lengste stong.

Snytt for straffe?

Resten av omgangen vart jamn. Hødd burde kanskje hatt straffespark etter 36 minutt. Erik Sandal spelte gjennom Joachim Magnussen, som datt i bakken etter ein duell med ein RIL-spelar. Hødd ville ha straffe, men dommaren let spelet gå vidare.

0-0 til pause var greitt ut frå spel og sjansar, men Hødd var totalt sett kanskje eit par hakk kvassare spelemessig i medvinden.

Ranheim tok styringa

Etter pause var det Ranheim som fekk til mest offensivt. Alt minuttet etter pause gjekk eit skot frå Michael Stilson i vinkelen og ut. Fem minutt seinare var det berre ein god Jan-Lennart Urke som hindra at Mads Reginiussen scora på frispark. Urke slo ballen i tverrleggjaren før han gjekk over mål.

Ranheim fekk ein ny sjanse etter 60 minutt. Like etterpå var Erik Sandal frampå for Hødd med venstrefoten, men skotet gjekk midt på Barli i RIL-buret.

Annullering

Etter 65 minutt fekk Ranheim ballen i nettmaskene, men målet vart annullert for offside. 1-0 kom etter 69 minutt. Daniel Krogstad vart spelt gjennom Hødd sin forsvarsfirar. Urke rykte ut, men ikkje tidsnok til å hindre scoring.

Kampen jamna seg meir ut etter 1-0. Ingen av laga skapte sjansar før Hødd fekk frispark to minutt før slutt. Og denne gongen lukkast det for Eirik Ulland Andersen. Ballen gjekk via muren og heimekeeperen og i mål, til store glede for den tilreisande Hødd-fansen.

Dermed tok Hødd eit viktig poeng i ein tett kamp som vart prega av sterk vind både på godt og vondt.

Kampfakta

1.-divisjon 23. runde, 15.09.13

Ranheim - Hødd 1-1 (0-0)

Mål: 1-0 Daniel Krogstad (69.) og 0-1 Eirik Ulland Andersen (88).

DNB Arena

Tilskodarar: 585

Dommar: Christian Moen

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal - Fredrik Aursnes, Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal - Eirik Ulland Andersen, Espen Standal (Rune Ertsås 75.), Joachim Magnussen

Før kampen:

* Duo i betring

* Andrekeeperen får sjansen