Portane er stengde, flaumlysa mørke. Det er stille på Bislett. Nokre få løparar bevegar seg sakte rundt på tartandekket, men det er lite som minner om toppidrett denne varme oktoberdagen.

Hausten har kome til Oslo og lauvet som har lagt seg rundt skøytene til «Kuppern» blir kvervla opp i den svake brisen. Det er lenge til det verkeleg blir alvor igjen på Bislett, sjølv om Lyn skal spele heimekamp der om nokre dagar.

Men sjølv om alvoret er langt unna, er nokre i full sving under tribunane på den ærverdige stadion.

For sjølv om Karsten Warholm allereie som 21-åring kan kalle seg verdas beste på 400 meter hekk, er det ingenting som tyder på at ein av norsk friidrett sine mest spanande utøvarar kviler på lauvbæra.

Tilbake på sporet

Då Vikebladet Vestposten møter Warholm utanfor Bislett har han og trenar Leif Olav Alnes akkurat runda av ei firetimarsøkt i treningsområdet under tribunane på stadion. Dei to kjem gåande med ein utstyrsbag mellom seg. Utstyr som dagen etter skal vere med på flyet til Portugal og ei vekes treningsleir.

– No er vi inne i ein periode der vi prøvar å kome litt tilbake på det sporet der vi var før sesongen tok til. Det har blitt vanskelegare å få tid til å gjere akkurat det same arbeidet som ein kunne tidlegare, for no er det så mange andre som er så interesserte i å anten henge seg på eller ønskjer å få meg til å gjere så mykje anna. Vi brukar litt energi på å halde fokuset der det skal vere, men det vi eigentleg prøvar på er å få trene, på å legge rammene slik at ting framleis kan utvikle seg i rett retning, fortel Warholm.

Må prioritere dei rette tinga

For etter ein sesong der han kan skilte med to sigrar i Diamond Leauge, samt andreplass i Diamond League-finalen, gull og sølv under U23-EM, og ikkje minst VM-gullet i London, så er det mange som vil ha ein bit av Dimna-utøvaren.

Må du trene på å seie nei?

– Ja, det har nesten blitt sånn. Eg er ikkje veldig god på det endå, men prøvar.

Ifølgje Warholm er mor og manager Kristine Haddal betre på akkurat slike ting.

– Og Leif Olav er endå betre enn det igjen, så totalt er vi ganske flinke til å seie nei, og det trur eg også vi må vere. Samstundes er det viktig å få fram at vi ikkje seier nei for å vere kjipe, vi seier nei fordi vi ønskjer å fortsette å levere. Det betyr ikkje at vi aldri skal stille opp på noko, men at ein må prioritere i større grad.

Trappar opp treninga

For det Warholm ønskjer å bruke tida til er på å bli betre. Og for å bli betre så må ein trene.

– I ei normal veke trenar vi hardt måndag, onsdag og fredag, litt rolegare tysdag, torsdag og laurdag, og så har vi som regel fri søndagane. Vi meiner det at ei roleg trening der ein gjer dei rette tinga er betre enn ein kviledag. Det blir nokre gode timar i løpet av ei veke, opp mot 26–27 timar når vi kjem skikkeleg inn i det. Det blir trappa gradvis opp, for vi er ikkje heilt «haudelause» heller, smiler Warholm.

Endå er ein ikkje heilt der, for etter ein lang konkurransesesong må ein starte litt på nytt.

– I sesongen så handlar alt om å springe fortast mogleg, etter å ha lada opp mykje overskot. No må vi tilbake til å bygge opp basen og det er vi på gang med no, men dette tek litt tid.

Har du hatt noko fri etter sesongen?

– Det har gått ganske i eitt. Etter VM vart det eit skikkeleg hardkøyr og eg blei litt sjuk. Det vart litt «tvangsfri» og det kjente eg gjorde godt. For ein gongs skuld var det nesten litt godt å vere sjuk. Eller, det var ikkje det, men eg fekk i det minste tatt meg ei veke der eg kunne samle meg litt.

At Warholm skulle få ein så fantastisk sesong var det nok få som torde å håpe på. Nesten alt Warholm prøvde på enda i full klaff, med VM-gullet som eit overraskande, men svært gledeleg høgdepunkt.

– Eg er glad for at eg tidleg bestemte meg for å berre skulle nyte den augneblinken nokre dagar, berre ta inn over meg alle inntrykka. Idrett er ferskvare, og sjølv om alle hugsar det som skjedde så er eg glad for at det har byrja å stilne litt. At ting har byrja å kome litt tilbake til normalen. Når ein ser tilbake på VM så er det jo kult å tenkje på at vi klarte det som eigentleg var målet nokre år fram i tid, men det er også viktig å hugse at dette var eit resultat av godt arbeid og godt «teamwork».

Enorm kunnskap

Dei siste åra har Karsten Warholm budd og trent i Oslo. Saman med trenar Leif Olav Alnes er Warholm ein del av det som har blitt Norsk Friidrett sitt radarpar. Den erfarne trenaren har ei imponerande merittliste, mellom anna som trenar for Geir Moen og John Ertzgaard. No er det Karsten Warholm, som saman med Amalie Iuel og Elisabeth Slettum, nyt godt av trenaren sine erfaringar.

– Vi har bygd ei veldig fin gruppe, ei konstruktiv gruppe. Det er ikkje slik at Leif Olav alltid er sjefen, i staden så spelar vi kvarandre gode heile tida. Vi har blitt eit veldig godt «team». Og så har han sjølvsagt enormt med kunnskap. 40–50 år med kunnskap innanfor sitt felt, så seier det seg sjølv at det byrjar å bli «heavy». Han har gjort ein del feil tidlegare og han har gjort mykje bra tidlegare, og dei erfaringane kjem meg til gode no. Det meste vi gjer er kunnskapsbasert og det trur eg er viktig på det nivået eg har kome opp på.

Radarpar: Dei siste to åra har Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes jobba svært tett saman. Det er eit samarbeid som fekk sitt foreløpige høgdepunkt med VM-gullet på 400 meter hekk i London.

Men sjølv om Alnes har blitt 60 år, nesten 40 år eldre enn Warholm, så er det ikkje alltid så lett å merke det i samspelet mellom dei to.

– Leif er ei ung sjel fanga i ein gammal kropp. Sånn sett synest eg litt synd på han, men det er veldig hyggeleg at han klarar å søkke ned på mitt nivå av og til, ler Warholm.

Spøk til side er det ingen tvil om at samarbeidet har vore konstruktivt.

– Vi fungerer veldig godt saman og det er viktig når ein brukar så mykje tid med kvarandre.

For det blir lagt ned mange treningstimar, kvar einaste veke, for å kome dit Warholm har gjort. Blir han aldri lei?

– Det blir aldri kjipt å gå på trening. Nokre gongar er det kjipt å gjennomføre arbeidet fordi ein er sliten, men stort sett er det veldig motiverande, og eg synest eigentleg at treningsarbeidet er det kjekkaste. Det er dei ein skapar forskjellane.

Eit eventyr

Og allereie denne sesongen har det grundige arbeidet gitt resultat. Som då Warholm vann sitt første Diamond League-stemne på Bislett.

– Heile sesongen har eigentleg vore eit eventyr! Det har gått slag i slag, og kunne strengt tatt ikkje gått så mykje betre, meiner hekkeløparen.

Også sesongavslutninga, med Diamond League-finale i Zurich blei ei konstruktiv oppleving, sjølv om det «berre» vart andreplass bak Kyron McMasters.

– Det var eigentleg litt fint å få med seg den. Då såg vi at det er endå meir å hente og vi har endå meir å jobbe med. Det var kanskje den beste avslutninga vi kunne fått. Det suger der og då, og du blir forbanna, men det eg trur det kan vere bra det også.

Etter ein slik eventyrsesong der Warholm for alvor tok steget opp i verdseliten i friidrett kan det vere lett å gløyme at han framleis berre er 21 år. Truleg kan Warholm ha endå meir på lager i åra framover.

– Eg trur vi har mykje å arbeide med og det tek ein del år å jobbe fram det fulle potensialet. Vi prøvar å ta tak i dei grovaste tinga først, det som går på kapasitet og teknikk. Vi kjem til å sjå etter forbetringspotensial til vi spring på 0.

Målet er med andre ord å verte så god som det er mogleg å bli.

– Vi skal halde fram med å prøve å plukke marginar der vi kan, for dette er jo ein marginal idrett. Så lenge vi orkar og har motivasjon så er det nok ingen grenser for kor mykje vi kan finne av ting å jobbe med. Det er også det som er gøy med dette! slår Warholm fast.

Treningsdagen for supertalentet er over. Sola er i ferd med å gå ned over Oslo og dei lange skuggane følgjer oss ut av stadion i retning Grete Waitz Plass. For Warholm skal den norske hausten bytast ut med portugisisk varme og betre utandørs treningsforhold. Alt i jakta på å verte endå litt betre.

Bislett stadion er eitt av norsk idretts mest kjente idrettsanlegg. Tidlegare vart den også brukt til skøyteløp, men i dag er det fotball og friidrett som er hovudbruken. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.