Grodås har hatt ein sesong prega av skadar så langt. Han vart kneskadd mot Brattvåg 17. april og dermed sett på sidelinja den neste månaden. 13. juni borte mot Follo var vårsesongen over for venstrebacken då han fekk ein strekkskade.

Ukjent kneskade

Under måndagens Hødd-økt trena Victor Grodås alternativt. No er det kneet som plagar han.

- Eg veit dessverre ikkje kva som er gale med kneet, og det frustrerer meg. Eg skal snarleg ta meg ein prat med Lars Arne (Nilsen) for å sjå kva vi skal gjere, for no treng eg eit skikkeleg svar, seier 21-åringen til Vikebladet Vestoposten.

Han står definitivt over torsdagens heimekamp mot Aktobe og er truleg ute i endå fleire veker.

Stiv legg

Bendik Torset slit med ein stiv legg. Truleg er han ikkje ute så veldig lenge, men torsdagens kamp kjem for tidleg på.

Vegard Heltne er enno ikkje bra igjen etter strekkskaden som har plaga han ei god stund.

Om ikkje nye skadar eller liknande dukkar opp trur vi Hødd startar slik torsdag:

Andreas Lie - Akeem Latifu, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Ruben-Kenneth Brandal - Erik Sandal, Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Aursnes - Pål André Helland, Espen Standal, Joachim Magnussen.

Vikebladet Vestposten snakka med Victor Grodås etter treninga måndag. Foto: Joakim Rødven