Søndag kveld tapte Hødd 1-0 for jærbuane i ein kamp som inkluderte mange sjansar.

Dei første 20 minutta av oppgjeret bølga fram og tilbake og dei frammøtte på Hødvoll fekk sjå fleire flotte angrep og store sjansar.

Allereie i det andre speleminuttet stussa Joachim Magnussen vidare eit utspel frå keeper. Rune Ertsås fekk kontroll på ballen og forsøkte å skru han i krysset frå hjørnet av 16-meteren. Ballen gjekk like over mål.

Rolegare

Etter seks minutt fekk Törnquist avslutta mot mål frå ein corner. Keeper gav retur og Ertsås forsøkte å avslutte, men ballen trilla like utanfor mål via ein Bryne-forsvarar.

Etter den underhaldande opninga dabba spelet meir av. Hødd hadde ballen mesteparten av tida og kom til eit par greie scoringssjansar. Det var likevel mållaust til pause.

Sein Bryne-scoring

Hødd opna friskt også etter pause. I det 46. spelminutt slo Sivert Heltne Nilsen gjennom Rune Ertsås. Bryne fekk så vidt avverga scoring frå Hødd-spissen.

Erstås kom til ein stor sjanse også seinare i omgangen då han var åleine med keeper etter eit kjapt innkast frå Joachim Magnussen. Heller ikkje denne gongen vart det scoring for trønderen.

Bryne kom til fleire mulegheiter utover i omgangen, og etter 85 spelte minutt lykkast dei i overliste Hødd-forsvaret då Oddbjørn Skartun vart spelt gjennom i bakrommet. Steffen Moltu klarte ikkje halde følgje med Bryne-spissen som sette ballen kontant i mål bak Andreas Lie.

Hødd flytta opp mykje folk i avslutningsminutta, men klarte ikkje kome til dei store sjansane. Kampen enda derfor med 1-0-siger til bortelaget.

Dermed klarte ikkje Hødd starte ei ny sigersrekke etter den sterke bortesigeren mot Sandefjord førre runde. Og avslutninga på vårsesongen vart ikkje heilt slik som Hødd håpte på. Dette var forresten tredje gong på rad Hødd taper 1-0 heime for Bryne.

Følg med på Vikebladet.no utover kvelden for kommentarar frå trenar og spelarar og fleire bilete frå kampen.