Ein ny ferjepakke for Hareid-Sulesund og Ørsneset-Magerholm vil bli sendt ut på anbod anten på slutten av året, eller tidleg i 2017, opplyser fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde.
- Der vil det kome krav om nye, moderne nullutsleppsferjer, fortel Gjerde.
Ho legg til at det er både vedtak i Stortinget og nytt vedtak i samferdselsutvalet i fylket som legg grunnlag for nye ferjer.
Ut på anbod
Etter vedtaket i samferdselsutvalet fredag, skal Hareid-Sulesund ut på anbod i lag med eit anna storsamband; Ørsneset-Magerholm.
Desse sambanda er dei første som kjem ut av dei nye anboda i fylket, og nye ferjer skal på plass 1. januar 2019.
- I samband med at eit samla Storting har vedteke at det skal stillast krav om nullutsleppsferjer frå 2017, har samferdselsutvalet vedteke at det skal nye ferjer inn i dei neste anb oda i fylket. Og for at det skal vere mogleg for reiarlaga å få bygt nye ferjer, kjem anboda til å gå ut mykje tidlegare enn før. Dette for å sleppe situasjonen som har vore i det siste med at reiarlaga ikkje har hatt nye ferjer å sette inn i nye anbod, forklarer Gjerde.
Les også: - Ikkje så veldig god tid
- Dette er gledelege vedtak, seier Gunn Berit Gjerde, som gjennom Venstre har arbeidd for å få ut det gamle ferjemateriellet. Først og fremst som eit miljøtiltak, men også i høg grad som eit publikumstiltak og eit sysselsettingstiltak for verfta.
- Ullensvang må skiftast ut før
- Men vi kan ikkje slå oss til ro med eit skifte på Hareid-Sulesund i 2019. Vi må få til ein avtale med Norled om å skifte ut «Ullensvang» lenge før den tid. Samferdelsutvalet skal på neste møte diskutere korleis dei skal få til dette utan at fylkeskommunen skal lide for store økonomiske tap, opplyser fylkesvaraordføraren.