To er framleis på frifot, men politiet jobbar for å finne dei.

– Dette var ei hending knytt til ein heilt ordinær trafikkontroll i Hasundkrysset rundt klokka seks måndag morgon. Tre bilar byrja å nærme seg kontrollstaden, men stoppa så heilt opp. Politiet på staden såg så tre personar som stakk frå bilane, sa operasjonsleiar Jon Bratland til Vikebladet Vestposten måndag formiddag.

Les også: Trur tre bilar kan vere stolne

Mindreårige bilførarar

Han kunne også fortelje at dei tre bilførarane alle skal ha vore for unge til å køyre bil.

– Eg trur dei fleste forstår kor lite lurt det er å stele ein bil. Gjer ein noko slikt som dette som mindreårig kan det få betydelege konsekvensar, til dømes utsetting av retten til å ta førarkort, seier Bratland.

Etterforskingsleiar Even Haavik seier politiet på noverande tidspunkt ikkje kan bekrefte at dei to bilførarane som politiet ikkje klarte å ta også er mindreårige, men han seier samstundes at politiet no leitar aktivt etter personane.

Kan stamme frå innbrot i bilverkstad

Bilane er henta inn av politiet, og skal undersøkast nærmare for å sikre eventuelle spor.

– No blir det gjort vanlege kriminaltekniske undersøkingar av køyretøya, og vidare etterforsking vil nok gi eit meir nyansert bilete av saka.

Haavik poengterer at politiet etterforskar saka som eit tjuveri av bilar.

Han legg ikkje skjul på at politiet trur det kan vere ein samanheng.

– Det hadde jo vore veldig tilfeldig og påfallande om det ikkje var det. Tre bilar som blir stoppa i same kontroll, der sjåførane stikk av alle som ein. Det hadde vore litt for utruleg, seier Even Haavik.

Vikebladet Vestposten erfarer at det natt til måndag skjedde eit innbrot i ein bilverkstad i Ulstein, der i alt fire bilar blei stolne.

Om dei tre bilane som dei tre bilførarane forlét då dei såg politiet stammar frå denne bilverkstaden vil ikkje politiet bekrefte eller avkrefte på noverande tidspunkt.

Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med den aktuelle bilverkstaden. Dei tilsette ønskjer ikkje å uttale seg i saka, og viser i staden til politiet og deira etterforsking.