Reporter: Einar Orten Trovåg.Foto og redigering: Joakim Rødven.

*

Då Vikebladet Vestposten møtte arrangementssjef Lars Petter Rønnestad måndag var det selt om lag 1450 billettar til torsdagens heimekamp mot Aktobe. Salet har gått jamt og trutt. Rønnestad trur det også vil vere moglegheit til å kjøpe billettar like før kampstart torsdag, men då er nok dei beste sitjeplassane booka.

For at kasakhstanske supporterar skal kome seg inn i Norge må dei søke visum. Hødd har fått vite at 36 Aktobe-supporterar så langt har søkt.

- Neste veke skal vi spele for 13 000 supporterar i ei heksegryte i Kasakhstan. Der blir det stor stemning. Så det er viktig at våre tilskodarar mobiliserer og hjelper oss fram til siger torsdag. For vi vil veldig gjerne vidare i Europa League. Då er eg nemleg sikker på vi møter eit skikkeleg storlag neste runde, seier Lars Petter Rønnestad.

Høyr meir om kampane mellom Hødd og Aktobe i videoen i toppen av saka.