Reporter: Einar Orten Trovåg.

Foto og redigering: Joakim Rødven.

NB. Vi er klare over at berre halve biletet på videoen er synleg, og jobbar med å løyse problemet.

*

- Begge aktuelle

George White Agwuocha (20) reiste tilbake til Oslo søndag, medan Franjo Tepuric (23) hadde si andre fellesøkt med Hødd måndag.

- Begge er aktuelle for oss, seier sportssjef André Nevstad til Vikebladet Vestposten.

- Pål (Helland) reiser snart og vi vil ha inn to spelarar for å få meir konkurranse på topp, samt at vi kan spele på fleire forskjellige måtar. George er ein driblesterk kant eller spiss, medan Franjo er ein stor og sterk spiss, eit meir typisk oppspelspunkt som scorar mange mål. Begge to er gode og kan gjere ein jobb for oss, men om det blir meir veit eg ikkje akkurat no, sa trenar Lars Arne Nilsen før måndagstreninga.

Hødd gjennomførte ei relativt roleg økt, men det var lett å sjå at det bur mykje fotball i Franjo Tepuric. Han verkar å ha eit ”tungt” skot. Sjølv var Tepuric veldig positiv med tanke på ein eventuell overgang til Hødd.

- Hødd er eit godt lag som eg trur kan rykke opp til Tippeligaen. Eg liker laget. Det er som ein stor familie. Sjølvsagt vil eg gjerne signere for klubben. Er eg nøgd og dei nøgde blir det ikkje noko problem å bli einige, forklarte Tepuric.

Som sjølv seier at han er ein sterk spelar som kan bli betre teknisk.

Tepuric kom til Ulsteinvik fredag kveld etter å ha vore nokre dagar i Sarpsborg. Østfold-klubben såg på kroaten som ein potensiell erstattar for Martin Wiig, som var høgaktuell for Odd Grenland. Men Wiig valde til slutt å bli i Sarpsborg. Då Hødd fekk nyss i det heiv dei seg rundt og inviterte Franjo Tepuric til Ulsteinvik. Kor lenge den tidlegare u-landslagsspelaren skal prøvespele med Hødd er framleis ikkje kjent.

Ifølgje André Nevstad dukkar det ikkje opp nye prøvespelarar før torsdagens Europaliga-kamp mot Aktobe.

Ifølgje kroaten sjølv er det teknikk han ser på som eit forbetringsområde. Foto: Joakim Rødven